Meny

-Me må få ungdomar til å få lyst til å jobba med mat

Alexander Fosse Andersen
Alex f-Andersen .jpg

Nedgang i søkjartal og låg gjennomføring innan restaurant- og matfag uroar meg, seier nestleiar i opplærings- og helseutvalet i Hordaland fylkeskommune Alexander Fosse Andersen. -Me treng eit løft for restaurant- og matfag, held Fosse Andersen, som og er òg 5. kandidat for Hordaland Senterparti ved haustens val, fram.

Det har vore nedgang i søkjartala til restaurant- og matfag over fleire år. Tilbodet vart difor justert ned i skulebruksplanen for Hordaland og samla på færre skular. I skulebruksplanen legg ein opp til totalt 315 elevplassar på restaurant- og matfag (RM) på VG1 og VG2. Skuleåret 2016/17 var det 276 elevar på RM på VG1 og VG2 i Hordaland.
 
- Bedrifter etterspør fleire lærlingar og fagfolk enn det me utdannar. På valmøte i regi av NHO Hordaland no i august gav fleire reiselivsbedrifter uttrykk for kor vanskeleg det er å få tak i norske kokkar. For Hordaland som matfylke er det alvorleg, seier Fosse Andersen.
 
Mangel på læreplass er ei årsak til fråfallet på yrkesfag. I Hordaland har det dei siste åra vore fleire læreplassar enn det har vore lærlingar innan restaurant- og matfag. Likevel syner tal frå Utdanningsdirektoratet at berre 41,5 % på restaurant- og matfag i Hordaland gjennomfører innan 5 år. - Dette talet uroar meg veldig og syner at det ikkje er nok å berre fokusere på læreplass for å sikre gjennomføring, fortset Fosse Andersen.
 
-Me må få ungdomar til å få lyst til å jobba med mat og sjå dei moglegheitene som lokal matproduksjon gir med tanke på ein framtidig karriereveg, seier SP-politikaren.
Hordaland Senterparti ynskjer difor å fremje desse punkta:

Etablere ein konferanse eller eit nettverk mellom fylkeskommunen, stat, næringsliv, matprodusentar, næringsmiddelindustrien og andre aktuelle aktørar med mål om å jobba fram ein tiltaksplan for auka rekruttering og gjennomføring innan restaurant- og matfag.
Sikre eit godt samarbeid med “Stiftelsen for rekruttering til restaurant- og matfag”, både når det gjeld rekruttering og gjennomføring.
 
- Eg vonar fleire vil sjå på arbeid med mat som spanande og ein god karriereveg. Me treng  konkrete tiltak som bidreg til rekruttering og gjennomføring innan restaurant- og matfag. Det vil òg styrkja Hordaland som matfylke, avsluttar Alexander Fosse Andersen.