Meny
Kjersti Toppe og Nils T. Bjørke, 1. og 2. kandidat til Stortinget frå Hordaland valdistrikt

Nasjonal Transportplan, - store satsingar i Senterpartiet

Senterpartiet si Stortingsgruppe har no landa partiet sin Nasjonale Transportplan, og ser fram til å forhandla fram støtte til den ambisisøse planen.

Me har motteke mange innspel både frå Senterpartiet i Hordaland, og mange interesseorganisasjonar, og presenterer etter gode drøftingar no Senterpartiet sin offensive NTP, seier Kjersti Toppe og Nils T. Bjørke, 1. og 2.- kandidatatane frå Hordaland valdistrikt.

Me har også styrkt vektlegginga som Fylkestinget gav i fjor, i tillegg til at me har retta opp openberre manglar ved Regjeringspartia sin NTP. Derfor har me plussa på Fylkesvegsatsinga med 2,7 mrd.kr, meir midlar til K5 for å sikra samtidig oppstart av både veg og bane. Det var oppsiktsvekkjande at ikkje Regjeringa prioriterte Bakka-Solheim på E134, og Senterpartiet legg inn 500 mill. kr til oppstart i første periode, og 1,544 mrd.kr i andre periode. Senterpartiet prioriterer sjølvsagt Ringveg aust Vågsbotn-Klauvaneset, med oppstart i første periode E39-Ådland – Svegatjørn vert starta opp med bygginga av bru over Langenuen (søndre alternativ)

Detaljane i Senterpartiet sine endringar i NTP  for Hordaland ser du nedanfor:

Fylkesvei

Regjeringen har føreslått en ny satsing på fylkesvei, «tilskudd til fylkesvei». I regjeringa sitt forslag ligg det inne 15,3 mrd. Det vil seie 775 mill. kr årleg i første seksårsperiode og 1775 mill. kr i andre seksårsperiode. Senterpartiet legg på 2,7 mrd. kr i tillegg til dette, slik at det i Senterpartiet sitt alternativ er 1 mrd. kr årleg i første seksårsperiode og 2 mrd. kr årleg i andre seksårsperiode i potten «tilskot til fylkesveg».

K5 Voss Bergen
Senterpartiet er positive til tiltak som vert iverksatt i korridoren på jernbane. Dette vil føre til sammenhengande bu- og arbeidsregionar, og er eit stort løft for Bergensbanen, ein time kortare reisetid frå Oslo til Bergen, og ein betra kapasitet for gods.

Senterpartiet meiner det er svært viktig å gjennomføre Vossebanen og E16 Arna-Stanghelle (K5) som eit fellesprosjekt med veg og jernbane. Ei løysing med fellesprosjekt gjev stor positiv synergieffekt, estimert til 4 mrd. kr for strekninga Arna-Stanghelle, cirka 12 mrd. kr for heile strekninga til Voss. Senterpartiet meiner prosjektleiinga bør står fritt til å planlegge for optimal framdrift som gjev høve for anleggsdrift på fleire inngrepspunkt samtidig. Senterpartiet viser til at Nye Veier har fått ansvaret for bygging av fellesprosjekt Ringeriksbanen og E16 Høgkastet-Hønefoss. Statens vegvesen og Bane Nor har gjennom eit slikt fellesprosjekt høve til å vise at dei kan bygge veg og bane raskt og effektivt dersom også dei får høve til det. Vi viser til Senterpartiets alternativ for NTP, der det vert føreslått 250 mill. kr utover regjeringa sitt forslag i første periode, for å sikre at veg og bane får samtidig oppstart.

E134 Bakka-Solheim

Senterpartiet viser til at strekninga Bakka –Solheim på E134 går gjennom kommunane Etne i Vestland, og Vindafjord i Rogaland, strekninga går rett gjennom dei to kommunesentra. Senterpartiet viser til at det er stor semje kring kommunedelplanen som blei vedteken i begge kommunane hausten 2015. Det er også tverrpolitisk semje i begge kommunane og begge fylka. Senterpartiet viser til at E134 er den viktigaste aust-vestkorridoren, ifølge Øst-Vest-utredningen fra 2014. Vegen gjennom kommunane er transportetappe og ein viktig næringsveg for heile Nord-Rogaland og Sunnhordland. Vi viser til Senterpartiet sitt alternativ for NTP, der det vert føreslått 500 mill. kr til oppstart i første periode, og 1544 mill. kr i andre periode.

E16/E39 Ringvei Øst, delstrekningen Vågsbotn-Klauvaneset

Senterpartiet viser til at Ringvei Aust består av tre delstrekningar, der det kun er nordre tredjedel, Vågsbotn-Klauvaneset, som er prekær, har politisk semje og er klar for realisering. Senterpartiet viser til at det pågår eit arbeid med felles kommunedelplan for strekningane på E16 fra Arna til Vågsbotn og vidare på E39 fra Vågsbotn til Klauvaneset. For strekninga E39 Fjøsanger - Arna er det ikkje sett i gong arbeid med kommunedelplan. Vi viser til Senterpartiet sitt alternativ for NTP der det vert føreslått 500 mill. kr for oppstart av Vågsborn-Klauvaneset i første periode, og 1 mrd. kr i andre periode.

E39 Ådland-Svegatjørn

Senterpartiet viser til at prosjektet Ådland-Svegatjørn på E39 har ei svært høg kostnadsramme og er svært omfattande. Senterpartiet mener det må jobbast vidare med prosjektet, og det må finnast løysningar som reduserer kostnaden på prosjektet. Senterpartiet vil prioritere oppstart av kryssing av Langenuen i sør mellom Jektevik og Hodnanes, ein slik løysing åpnar for andre alternativ, dersom midtre trase ikkje vert realisert på grunn av for høge kostnader eller andre forhold. Denne fjordkryssinga er både midtre (kryssing av Bjørnafjorden) og indre trase (via Fusa) avhengig av. Vi viser til Senterpartiets alternativ for NTP der det vert føreslått å kutte 7 mrd. kr frå prosjektet i andre periode.

Senterpartiet meiner det også er viktig med ei opprusting av Riksveg 13,

Både i Hardanger og over Vikafjell.