Meny

Nominasjonsnemnda for felles liste til fylkestingsvalet 2019 har fullført fyrste runde av nominasjonsprosessen.

I denne prosessen har lokallaga i Senterparitet, samt fylkeslaga i Senterkvinnene og Senterungdomen kome med framlegg til kandidatar. 

Leiar i nemnda, Jakob Bjelland seier;  «Nominasjonsnemnda er glade for at me har svært mange gode kandidatar til fylkestingslista for nye Vestland fylke. Basert på innspela frå lokallaga har me plukka ut kandidatane me vurderer som mest aktuelle til å stå på dei øvste plassane på den endelege vallista.

Me har med folk frå alle delar av fylket, og er trygge på at me vil koma fram til ei valliste som legg grunnlaget for eit sterkt Senterparti i Vestland fylke frå 2019.»

To kandidatar har fått flest forslag, Gunn Åmdal Mongstad frå Sogn og Fjordane og Alexander Fosse Andersen frå Hordaland. Begge desse sit på fylkestinget i dag.

Lokallaga, Senterkvinnene og Senterungdomen i begge fylka skal no kome med framlegg på inntil 20 namn i prioritert rekkjefølgje. Svarfrist er sett til 1. september 2018.

Nominasjonsnemnda har spurt dei sitjande fylkesmedlemmane om renominasjon. 

 Desse har takka ja til å bli renominert:

 Alexander Fosse Anders/Bergen

Jon Askeland/Radøy

Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim/Etne

Jenny Ellaug Følling/Gaular

Aleksander Øreen Heen/Årdal

Erlend Haugen Herstad

Gunn Åmdal Mongstad/Solund

Sigurd Erlend Reksnes/Eid

Gunn Sande/Selje

Sara Hamre Sekkingstad/Radøy

Sogn og Fjordane og Hordaland Senterparti skal ha fellesnominasjonsmøte fredag 23. november eller laurdag 24. november 2018.

Nominasjonsnemnda legg opp til å ha klart sitt endeleg framlegg 1. oktober.

 ------------

For spørsmål eller ytterlegare kommentararar, ta kontakt med leiar i nominasjonsnemnda:

Jakob Bjelland m: 90827918