Nominasjonsmøte i Hordaland Sp 2020
Kjersti Toppe, Nils T Bjørke og Hans Inge Myrvold toppar stortingslista til Hordaland Senterparti.
Nominasjonsmøtet i Hordaland Sp gjekk samrøystes inn for nominasjonsnemnda sitt framlagde forslag til liste i dag.
Kjersti Toppe, Nils T Bjørke og Hans Inge Myrvold toppar stortingslista til Hordaland Senterparti.
- Det er ei stor ære å bli nominert av Hordaland Sp, og nominasjonsmøtet har samla seg bak ei veldig god liste. Eg ser fram til at me saman skal gjera ein knallgodt val i Hordaland til hausten. Målet er at landet skal få ei regjering og ein ny kurs. Hordaland Sp stiller med eit særs sterkt lag til jobben, seier Kjersti Toppe.
- Eg er veldig glad for at nominasjonsmøtet har slutta seg til lista. Senterpartiet er viktigare enn nokon gong. Lista er solid, og har ei god samansetning av både erfarne og nye namn, seier leiar av nominasjonsnemnda, Solfrid Borge.
Nominasjonsmøtet i Hordaland Sp vedtok følgjande liste til stortingsvalet:
- Kjersti Toppe - Bergen
- Nils T Bjørke - Voss
- Hans Inge Myrvold - Kvinnherad
- Sara Hamre Sekkingstad - Alver/Senterungdommen
- Kari Jordal - Bergen/Senterungdommen
- Jakob Bjelland - Stord
- Håvard Sæbø - Eidfjord/Senterungdommen
- Hege Eide Vik - Vaksdal
- Jostein Ljones - Kvam
- Lajla-Margrete Lindskog-Lund - Ullensvang
- Lars Fjeldstad - Osterøy/Senterungdommen
- Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim - Etne
- Alexander Fosse Andersen - Bergen
- Sølvi Kobbeltvedt - Øygarden
- Reidar Digranes - Bergen/Senterungdommen
- Johanne Neteland - Kvam/Senterungdommen
- Mikal Leigland - Bjørnafjorden
- Otilie Brubæk Stokseth - Bergen/Senterungdommen
- Marianne Nordhus - Kvinnherad
- Bjørn Asle Teige - Bømlo
- Hilde Lussand Selheim - Voss
- Sigrid Brattabø Handegard - Ullensvang