Gå til hovedinnhold

Norsk matproduksjon må styrkast!

2020 Kyr på beite hos Sander Solheim, ung bonde i Sogn og Fjordane

Pandemien har understreka at styresmaktene må sikra tryggleiken til innbyggjarane. Dette gjeld i høgste grad maten vår, og det er ikkje tvil om at matproduksjonen må baserast på norske ressursar framover.

For å auka nasjonal matvaretryggleik trengs ei styrking av vestlandsjordbruket . Regjeringas jordbrukspolitikk har bidratt til det motsette, med endring i verkemiddel i favør av større bruk. Den hurtige strukturendringa har  vore eit alvorleg angrep på distriktsjordbruket, og gjort framtida for vestlandsjorbruket utfordrande.  

Forbrukarane ønskjer og lokale, trygge matvarer. Denne forbruksendringa tilseier at det og må stimulerast til meir grønsaksproduksjon i Hordaland. Me er frukt- og bærfylket, og kan produsera langt meir grønsaker.

Bondens marked og Rekoringen er blitt suksessar fleire stader, og må vidareutviklast. Dette direktesalet frå bonde til forbrukar er i tida.

For å auka matproduksjonen og fylket sin andel av denne, må landbruket i Hordaland få statlege investeringsmidlar tilpassa bruk av lokale resursar. For å sikra at flest mogeleg av kumjølkeprodusentane med båsfjøs vert med vidare må dei få auka støtte til ombygging, slik at dei kan bygga om til lausdrift utan å auka produksjonen vesentleg.

Innan kumjølkeproduksjonen må kvotetaket reduserast, og det må stimulerast til meir bruk av eige produsert fôr og beite. 

For å sikra matproduksjonen i fylket, må lønsemda på dei mindre bruka aukast, slik at me sikrar at all dyrka mark vert nytta til matproduksjon.

Økonomien i sauenæringa må styrkast, bruk av utmarksbeite må stimulerast mellom anna med støtte til gjerdehald og bruk av elektroniske «gjerder».

Distriktstilskota og strukturen i virkemidla må styrkast for å sikra produksjon av frukt og bær i Hordaland.

Dei store endringane som staten gjorde i jordbruksforhandlingane i 2014 må reverserast.

Markedsregulering er avgjerande for å tilpassa produksjonen til den norske marknaden. Samvirke må få virkemiddel til å gjennomføra markedsreguleringa. Jordvern må inn i grunnlova for å sikra grunnlaget for matproduksjonen i framtida.

Med våtare klima, er drenering av jorda avgjerande, og grøftetilskot må tilpassast lokale kostnadar.

Regjeringa må ikkje gje Storbritannia importkvoter på mjølk, storfekjøtt eller sauekjøtt i forbindelse med handelsforhandlingene. Det vil vere eit svik mot distriktslandbruket.