Gå til hovedinnhold

Nye nestleiarar i Hordaland Senterparti

64524332_10161954643455788_5865711315175079936_o

Hordaland Senterparti hadde sitt årsmøte den 20.mars.

Som eit resultat av det har vi no fått nye nestleiarar, Lars Fjeldstad og Hege Eide Vik! 

 

Hege og Lars er begge to ferske ordførarar, i kvar sin nabokommune. Hege er ordførar i Vaksdal og Lars er ordførar på Osterøy. 

 

hegeoglars.jpg
Hege Eide Vik og Lars Fjeldstad - nye nestleiarar i Hordaland Senterparti

 

Dei gler seg begge til å ta fatt på oppgåva som nestleiar. Sjølv om det noverande yrket deira er det same, tek dei med seg svært ulike bakgrunnar inn i fylkesstyret. 

 

Førti år gamle Hege er utdanna songar og musikkpedagog, og har tidlegare vore tilsett som lærar i Vaksdal.

Lars har, trass sin unge alder på 27 år, vore verda rundt som skipsmaskinist. 

 

Politikken som treff folk der dei bur, brenn dei begge for.  

-Som ordførar er kommuneøkonomi naturlegvis ei sak eg brenn for. Eg ser kvar dag kor viktig det kommunane driv med er, og eg meiner at kommunane burde få eit større handlingsrom til å levere dei gode tenestene dei leverer i dag. I tillegg er eg opptatt av grøn vekst og utvikling. Me skal nå måla i Parisavtalen og Senterpartiet har dei beste løysingane for dette. Me skal bygga eit næringsliv for framtida som er tufta den den unike kompetansen me allereie har i Noreg, seier Lars.

Hege tek med seg mykje av kultur-bakgrunnen sin inn i sitt arbeid.

-Som ordførar får eg heile tida arbeida med nye tema, så eg kjenner på at «alt er viktig», men hjarta bankar litt ekstra for kulturen og frivilligheita sidan det er tett på yrket og utdanninga mi. Samferdsle er eit anna viktig tema eg arbeider mykje med, og som heng tett saman med næringsutvikling.

 

Hordaland Senterparti ser fram til gode arbeidsår med desse dyktige og engasjerte menneska i toppen!