Meny

Produksjonsskulen, eit alternativ mot utanforskap

Hyssingen Produksjonsskole, den fyrste av sitt slag i Noreg, er modellert ut frå dansk erfaring i norsk kontekst. Her har ein skapt eit tilbod for ungdommar som har slutta eller vore på veg til å slutte i den vidaregåande skulen, før endt løp.

Gjennom deltaking i produksjon under sidemannsopplæring har ungdommane fått innføring i arbeidslivet, kompetanse og meistring, noko som hjelper med å motivere dei til framtidsbyggande aktivitetar, som til dømes arbeid eller fullføring av vidaregåande opplæring. Av dei som fullfører ved Hyssingen produksjonsskole, kjem 85% seg til slike aktivitetar.

-Evalueringa av Hyssingen produksjonsskole syner veldig gode resultat. Dette er ei ordning som treffer ungdomar i ein sårbar situasjon og gir deg meistringskjensle og nye moglegheiter, seier nestleiar i opplærings- og helseutvalet, Alexander Fosse Andersen (Sp). – Senterpartiet er glad for at Hyssingen vert ei fast ordning frå 01.01.2019.

Hyssingen produksjonsskole hausta mange godord frå alle parti då saka var oppe i Utval for opplæring og helse 27.11 2018. Utvalet vedtok samrøystes å gå inn for ei permanent ordning frå årsskiftet. Saka skal no handsamast i fylkesutval og fylkesting i desember 2018.

-Med utgangspunkt i den høge graden av ungdommar som kom i ‘framtidsbyggande aktivitet’, ønskjer me i Hordaland Senterparti at ordninga med produksjonsskolar vert løfta opp på nasjonalt nivå. Om ein ser resultata frå Hyssingen Produksjonsskole opp mot erfaringa frå produksjonsskular i Danmark og andre europeiske land, kan ein redde mange ungdommar på landsbasis tilbake til ei produktiv framtid, i staden for at dei ender opp på utsida av samfunnet. Hordaland Senterparti kjem til å arbeide opp mot stortingsrepresentantane våre for at produksjonsskolar vert eit nasjonalt satsingsområde, avsluttar Alexander Fosse Andersen.