Meny

Rasa aukar – det same må rassikringa

Jenny Følling og Jostein Ljones

Vestland toppar ras-statistikken. Regjeringa sine løyvingane til rassikring kjem til kort, og med klimaendringane aukar rasfaren.  Senterpartiet krev at løyvingane må aukast tilsvarande, og det må skje raskt.  

Medan nedbøren aukar, rasa blir fleire, og stadig fleire strekningar blir stengde, må folk halda seg heime. Med omsyn til liv og helse blir borna haldne heime frå skule, og foreldra heime frå jobb. Heimesjukepleien kjem ikkje fram, og ein må berre kryssa fingrane for at det ikkje oppstår akutte situasjonar som vil krevja ambulanse frå andre sida av rasstrekninga. For næringslivet utgjer ras og stenge vegar ein stor kostnad. 

Dette er kvardagen for mange vestlendingar, som har rasutsette strekningar som einaste vegalternativ. Lista er over vegstrekningar som skrik etter rassikring er lang.

Senterpartiet vil ha ein forpliktande rassikringsplan som omfattar alle dei farlegaste raspunkta på fylkes- og riksvegar.  Dette må forplikta regjeringa til å løyva naudsynte midlar til prioriterte strekningar. Det trengs minst ei dobling av ramma til rassikring.

Sogn og Fjordane og Hordaland toppar allereie statistikken, og nye Vestland vil bli rasfylke nr 1.

Med klimaendringar og større nedbørsmengder fryktar me ei stigande kurve på ras-statistikken i åra som kjem.

Regjeringa har sett av 24 milliardar kroner til rassikring. Heilt konkret betyr dette 1 milliard til riksvegane årleg, men under 1 milliard til rassikring av fylkesvegane, fordi løyvingane er skeivfordelte og lågare dei første åra. Det totale behovet for rassikringsmidlar er på 50 milliardar kroner. Å sikra rasstrekningane i nye Vestland vil krevja nærare halvparten av desse midlane.

Allereie i dag er det alt for lite pengar til rassikring. Med klimaendringane vil rasfaren auka.  Dermed vil det vera endå større sprik mellom midlar og behov, og mellom rassikring og rasfare for innbyggjarane.  Senterpartiet krev at løyvingane skal aukast, det krevst minst ei dobling.

Det må vera ein føresetnad at ein skal kunna ferdast på trygge og framkommelege vegar – uavhengig av kor du bur i landet. Det må regjeringa leggja til rette for. Løyvingane til rassiking må aukast - og det hastar.