Meny

Reform for desentralisering, små skilnader og større mogelegheiter! 

Fråsegn vedteken på fylkesårsmøtet 14.-15. februar

Reform for desentralisering, små skilnader og større mogelegheiter! Senterpartiet må ta initiativ til ei ny reform for eit desentralt Norge, for eit samfunn med små skilnader, for auka tryggheit i kvardagen, for like mogelegheiter der folk bur. 

Under H, V, Krf og FrP-regjeringa er det gjennomført tidenes sentralisering av Norge! «Nærpolitireforma» har fjerna politiet frå folk. «Blåljosetatane» har auka resposnstid, lokalkunnskap er på veg ut. Høgskuletilbod er sentralisert og byråkratisert. Kommunar og fylker er slått saman , offentlege tenester og arbeidsplasser er flytta frå mange lokalsamfunn.  Kommunane har aldri hatt fleire oppgåver å løysa med mindre pengar. Skatte og avgiftspolitikken favoriserar dei som har mykje og straffar dei som har lite, er kronisk sjuke, eller som har lang reiseveg til arbeid. Skattlegging av vasskraft og havbruk er foreslått sentralisert bort frå der verdiskapinga og ressursen er.


Dette krev motpolitikk! 

Senterpartiet må ta initiativ til ei ny reform for eit desentralt Norge, for eit samfunn med små skilnader, for auka tryggheit i kvardagen, for like mogelegheiter der folk bur. Naturressursane skal nyttast til arbeidsplasser, mat og energiproduksjon . Skatte og avgiftspolitikken skal nyttast aktivt mot dette målet.
Hovedstolpane reforma må byggjast på er:


Statlege og fylkeskommunale tenester og arbeidsplasser skal desentraliserast ut i heile landet.

  • Dette er viktig for å spreia tenester, makt, utvikling, og like mogelegheiter. Fylkeskommunane skal tilførast oppgåver og pengar for å utvikla regionane saman med innbyggjarar, kommunar og næringsliv. Dette kan gjennomførast t.d gjennom Distriktsvekstavtalar etter modell frå Byvekstavtalane. Vidare er direktorat, høgskular og helseføretak oppgåver som må desentraliserast til dei nye fylka, og gjera dei til robuste samfunnsutviklarar. Høgskulane vil dermed i større grad verta knytt til lokalt næringsliv sine behov.

Kommuneøkonomien må styrkjast, statleg byråkrati og bruk av konsulentar og PR-byrå må reduserast.

  • Kommunane er viktige aktørar for å yta gode og likeverdige tenester nær folk. Kommunane har aldri hatt fleire oppgåver i folk sine liv, og aldri hatt mindre pengar til å løysa dei. Tilsette må få auka ressursar og tillit, framfor auka forventningar uten pengar, og nye krav om rapportering.


Det må etablerast lokal beredskap-nær folk.

  • Norge må førebu seg på meir ekstremver, og eit auka behov for lokal beredskap og dermed lokal kunnskap. Brann og redningstenesta er sentralisert .Nærpolitireforma vart Fjernpolitireform .Dette rokkar ved folk si grunnleggjande tryggheit ,og mål om å gje folk likeverdige tenester. Ein beredskap for framtida må difor byggjast for å imøtekomma klimaendringar, fungera i alle situasjonar, og vera tilgjengeleg nær folk. Auka norsk matproduksjon og norsk sjølvforsyningsgrad er også ein viktig del av beredskapen.

Ein skatte- og avgiftspolitikk som som stimulerar til auka lokalverdiskaping av naturressursane, produksjon av meir grøn energi og utjamna sosiale og geografiske skilnader.  

  • Innstillinga frå NOU om skattlegging av vannkraft og NOU om skattlegging av havbruksnæringa, som no er til høyring, vil begge bidra til mindre produksjon av grøn energi og mindre norsk mat frå havet. Begge framlegga frå Solbergregjeringa/Frp foreslår å omfordele store verdiar frå Distriktsnorge til staten. Dette er framlegg Senterpartiet krev vert forkasta.


Full trøkk på utbygging av veg, bane og breiband, grunnleggjande infrastruktur for å binde landet saman må på plass.

  • For å få mest mogeleg att for pengane må ein sjå på korleis ein kan redusera både kostnader og omfang på enkelt prosjekt, ulike gjennomførings og kontraktsmodellar må vurderast. Ein må i større grad sjå på bruk av standard og prefabrikering, og planleggingstida skal ned. Der ferja framleis må vera ein del av vegen, skal ekstrakostnaden for brukarane reduserast, og på sikt skal ferjene verte gratis.