Meny

Reform og konsekvensar: Venstre på villspor eller rett veg?

Jostein Ljones, leiar Hordaland Senterparti.

Under partileiarutspørjinga på Nrk1 vart venstreleiar Trine Skei Grande konfrontert med gjentakande kritikk frå eigen distriktsordførar. Ho innrømde at det nå, etter åtte år med sentraliseringsreformer, kanskje var på tide å vurdera følgjene av eigen distriktspolitikk.

Ordførar Alfred Bjørlo (V) i Eid kommune har gang på gang kritisert regjeringa for distriktspolitikken ført dei siste åtte åra.

I beste sendetid måtte Grande medgi at Bjørlo kanskje hadde hatt rett i kritikken fram til no.  Vidare sa ho at den totale verknaden av statlege reformer ikkje var vurdert samla. Det var heller ikkje gjort noko vurdering av følgene reformene hadde for kvar enkel region.  Sjukehus, politi, skattevesen, vegvesen og kommune- og regionsreform er gjennomført samtidig. Den samla summen er ei sterk sentralisering av tenester og arbeidsplassar, som svekker fagmiljøa i distriktskommunane.

Venstreleiaren påpeika vidare at regjeringa framover ville sjå dette i samanheng for kvar region.

Det er i så fall på høg tid og kanskje allereie for seint til å rette opp verknaden av regjeringa sin sentraliseringsiver.

Senterpartiet har vore tydeleg på at konsekvensane av reformene fører til ei massiv nedlegging og sentralisering av statlege og regionale arbeidsplassar i Distrikts-Noreg.

Når me skal byggja ein veg i dette landet må me gjennom mange og lange utgreiingar: me må kvalitetssikra prosjektet for å belysa effekten, me må gå grundig gjennom kva konsekvensar bygginga vil få for absolutt alle partar,  og kva økonomisk og samfunnsmessige følgjer prosjektet vil få. 

For regjeringa gjeld tydelegvis ikkje same kvalitetssikringsregime: Når dei blåblå, med Grande på laget, endrar store delar av det offentlege Noreg skal ikkje dette ha same kvalitetssikring. Derimot skal det trumfast i gjennom med bakgrunn i politisk ideologi. Og det på kostnad av distrikta.

Behovet for å bygge «robuste fagmiljø» er skalkeskjulet for politikken som vert ført. Konsekvensen vert eit utarma Distrikts-Noreg med mangel på kompetansearbeidsplassar og fråflytting frå distrikta. For brukarane av tenestene vert konsekvensen svekka beredskap, auka responstider og lange reiseavstandar for å få utført nødvendige tenester.

Venstre er på villspor, det finns andre løysingar som varetar heile landet.

Kjære veljar,  om du framleis ynskjer «tenester nær folk» der du bur, har du eit val 9. september. Røyst Senterpartiet !