Meny

Senterpariet krev auka satsing på produksjonsskular

- Fråfall er blant dei største utfordringane i den vidaregåande skulen. I ei tid der me stiller større og større krav om kunnskap og dugleik i arbeidslivet, er det viktig at ungdomar som er i ferd med å droppe ut av skulen får hjelp til å få motivasjonen attende og opplever meistring i kvardagen. Produksjonsskule er eit fråfallstiltak som Senterpartiet har stor tru på, seier stortingsrepresentant Marit Strand.

- Talet på dei som sluttar i vidaregåande utdanning i Hordaland dei siste åra har lege kring 4 %. Skuleåret 2016/2017 var talet 4,5 %. Årsakene til at ungdomar sluttar varierer veldig og viser at me treng ulike fråfallstiltak. Produksjonsskule er eit tiltak for å få ungdomar som har droppa ut, eller er i ferd med å gjere det, til å få lyst, moglegheit, kompetanse og motivasjon til å fullføre vidaregåande opplæring eller klare seg i arbeidslivet. Senterpartiet har stor tru på eit slikt tiltak, seier Alexander Fosse Andersen, nestleiar i Opplærings- og helseutvalet i Hordaland fylkeskommune.

Produksjonsskular er eit nytt tiltak i Noreg etter inspirasjon frå den danske modellen produksjonsskole. I Danmark er ordninga lovfesta, og det finst over 80 produksjonsskular med stor variasjon. Opplæringa i produksjonsskular er ikkje knytt til tradisjonelle undervisningsformer, men heller på relasjonsretta dannings- og læringsarbeid i verkstadsamanheng. Målet er å gi ungdomar arbeidslivsdanning gjennom å styrke fagleg utdanning, personlege eigenskapar og sosial kompetanse. Hyssingen produksjonsskole i Bergen opna i 2015 og er den fyrste produksjonsskulen i Noreg. Til ei kvar tid er det knytt mellom 30 og 40 ungdomar til Hyssingen, og det er kontinuerleg opptak etter kvart som det vert ledige plassar. Hausten 2018 startar Hardanger produksjonsskule opp i Ulvik som den andre produksjonsskulen i Hordaland.

-Erfaringane frå Hyssingen er veldig gode. Av dei som fullfører etter oppsett plan, har 85 % blitt tilbakeført til skule eller arbeid. Dette viser kor viktig produksjonsskule er, fyrst og fremst for dei ungdomane som får ein ny snart, fortset Fosse Andersen. – Det er stor trong for denne typen tiltak. Difor har Senterpartiet kjempa for å etablere fleire produksjonsskular i Hordaland, og er veldig glad for at Hjeltnes produksjonsskule startar opp denne hausten, seier Alexander Fosse Andersen.

-     Regjeringa har eit for einsretta fokus på teori og testar. Elevar treng også praksis og meistring, seier Marit Strand. -  Eg meiner produksjonsskuler er eit glimrande svar på fråfall og stress i vidaregåande skule. Når lokalsamfunn stiller opp med eit alternativt tilbod til elevar som syns skulen er for teoritung, må vi hauste erfaringar frå dette og sikre økonomien deira på lang sikt. Fleire fylke kan lære av erfaringane i Hordaland, både praktikarar og teoretikar skal ha rom for å lykkast i skulen.

For meir informasjon, kontakt

Marit Knutsdatter Strand, stortingsrepresentant, Senterpartiet, mobil 92 06 97 33

Alexander Fosse Andersen, nestleiar i Opplærings- og helseutvalet,  Hordaland fylkesting, Senterpartiet mobil 958 87 52