Meny

Senterpartiet vil ha dagsturhytter i heile Vestland

Dagsturhyttene i Sogn og Fjordane har vore ein stor suksess og er eit lågterskeltilbod for å få fleire folk ut i naturen. Den fyrste dagsturhytta opna i Gloppen i desember 2017. Ved utgangen av 2019 vil det vere på plass dagsturhytter i alle kommunane i Sogn og Fjordane.

Alexander Fosse Andersen
Alexander Fosse Andersen

- Dagsturhyttene er god folkehelsepolitikk, Senterpartiet ynskjer difor å setje av pengar til dagsturhytter i Hordaland allereie no, seier fylkestingsrepresentant Alexander Fosse Andersen. - I og med at dagsturhyttene har eit minibibliotek med nynorsk barnelitteratur, er dagsturhyttene òg god kulturpolitikk og god nynorskpolitikk.

Dagsturhytteprosjektet har tidlegare vore diskutert i Hordaland fylkesting gjennom eit spørsmål i marstinget 2019. Senterpartiet er særs positivt til prosjektet og arbeider for dagsturhytter i Hordaland òg. Folkehelseundersøkinga for Hordaland i 2018 syner at nesten 70 % av respondentane meiner at tilgang til natur- og friluftsområde er viktig for at dei skal trivast i nærmiljøet. Ei undersøking utført av Aktivitetsalliansen frå 2014 viste at 65 % av dei spurde ynskjer turstiar i nærleiken av bustad og arbeidsplass. -Etter Senterpartiet si meining vil dagsturhytter, i samband med satsinga Hordaland fylkeskommune har hatt med merking av turstiar, bidra til auka bruk av naturen. Det gir betre folkehelse, fortset Fosse Andersen.

Dagsturhyttene er eit samarbeid mellom Sparebanken Sogn og Fjordane, fylkeskommunen og kommunane. Senterpartiet ynskjer å starte opp arbeidet med å få på plass finansiering slik at det vert mogleg å realisere dagsturhytter i Hordaland så snart som mogleg.  

-Senterpartiet vil på fylkestinget i Norheimsund tilrå at delar av mindreforbruket i 2018 vert sett av til eit dagsturhytteprosjekt i Hordaland. Målet vårt er rask oppstart av prosjektet. Senterpartiet ber difor om at det vert lagt fram sak om dagsturhytter for politisk handsaming så raskt som mogleg, avsluttar Alexander Fosse Andersen.