Meny

Sigrid B. Handegard si tale til landsmøtet

Sigrid B. Handegard

Gode landsmøte !

Sist landsmøte snakka eg om behovet for ei samla konsekvensutgreiing av alle reformene, og mannen min sitt møte med Nav.

Eg skal forsetja der.

Konsekvensutgreiinga tek folk som har mista akuttberedskapen, har fått kommunen sin tvangsnedlagt eller har avslørt ordspelet rundt nærpolitireforma seg av. Langt betre enn dyre konsulentar !

Og kvar kjem mannen min inn i dette ?

De hugsar Nav reforma ? Ei dør inn- ein sakshandsamar. Mannen min har ein alvorleg muskelsjukdom, som det lokale Nav kontoret vurderte til å vera ei heilt kurrant  då han skulle søkja delvis uføretrygd.

No er me tre år seinare, 138 dokument, nærare 1000 sider, sysselsett mange, ulike svar frå ulike avdelingar, ingen koordinering, ikkje mogeleg å få møta sakshandsamar og stadig nye dokumentasjonskrav.

Kva var det lærarane streika for i 2014 ? «Nok er nok. Styringa av tid og metodar ovanfrå og ned må stanse. Vi som jobber med den lokale læringsprosessen må få tilbake handlingsrommet»

Kva var analysen etter 22.juli ? Stikkorda var fryktkultur og manglande gjennomslagskraft, målkonfliktar og inneffektivitet, teljekantregime og rapporteringsvelde, fokus på å unngå feil framfor å oppnå resultat.

Den store veksten i byråkratiet har heilt klart samanheng med reformbølja, eller New Public Managment styringa; mål, rapportering og ryggen fri framfor resultat !

Dette er ein lite bærekraftig styringsmodell.

Dette er ein gammaldags, dyr og byråkratisk leiarstil.

Vårt klare mål må vera ein meir tillitsbasert leiing av offentleg sektor med fokus på myndigheit, ansvar og friheit til å utforma gode tenester nær folk, sjølvsagt med ein viss risiko for å gjera feil, framfor kontroll og resultatmåling på micro nivå.

Vårt klare mål i ei ny regjering til hausten er ei ny reform :

Ei avbyråkratisering og tillitsreform der oppgåver skal løysast nær folk.

Ei reform der førstelinja får friheit til å bruka sunn fornuft i møte med folk, framfor fokus på krav, resultat og rapportering.

Ei reform der den heilt kurante saka  til mannen min hadde vore løyst for tre år sidan.

Ei reform der mine og dine skattepengar skal brukast til betre tenester, ikkje meir byråkrati.

For Senterpartiet er det og ei reform for auka handlingsrom i norsk økonomi framfor skatteauke.

Det er dette veljarane ser no! Det er dette som er bærekraftig og moderne leiing av Norge !