Meny

Skulemat er god skulepolitikk

I eit innlegg i BT 21.01.19 tek Elisa Finne Haugsgjerd til orde for å innføre gratis skulemat. Mellom anna trekkjer ho fram erfaringane ein hadde med skulefruktordninga: Elevane fekk sunnare matvanar, særleg dei som tidlegare åt lite frukt og grønt. I eit folkehelseperspektiv er det bra.

Det gler oss i Senterpartiet at fleire engasjerer seg for skulemat for norske elevar. Me har i fleire år jobba for skulefrukt- og skulematordning. For Senterpartiet er dette god skulepolitikk.

Helsedirektoratet understrekar nettopp den viktige tydinga måltid har i eit læringsperspektiv då det fremjar konsentrasjon og læring. Dette vil igjen vere positivt for motivasjon for skulearbeid og gjennomføring 

Sidan Senterpartiet saman med Ap og Krf kom til makta i Hordaland fylkeskommune i 2015 har me løyva midlar til skulefrukost i den vidaregåande skulen i Hordaland. Skulefrukosten er eit av fleire tiltak for å hindre fråfall. I dag har dei fleste av dei vidaregåande skulane i Hordaland eit eller anna tilbod om gratis skulefrukost. Tilbakemeldingane frå skulane er veldig positive. 

Skulefrukost bidreg òg til betre trivsel. Elevar og lærar ved skulane som allereie  har innført skulefrukost trekkjer særleg fram at tiltaket bidreg til betre skulemiljø og sikrar inkludering. Då skaper ein den tryggleiken som Finne Haugsgjerd er oppteken av. Dette igjen er viktig for å hindre fråfall. Elevar som trivst på skulen kjem òg på skulen. Fleire skular framhevar særleg at lågt fråvær på skulen er viktig for at elevane fullfører.

 For Senterpartiet handlar gratis skulemat om å snu fleire steinar for å hindre fråfallet i den vidaregåande skulen og sikre betre skulemiljø for fleire elevar. God og sunn skulemat bidreg til konsentrasjon, læring og trivsel, noko som igjen vil verke positivt inn på gjennomføringa i skulen.

 Alexander Fosse Andersen

Nestleiar i opplærings- og helseutvalet (Sp)