Gå til hovedinnhold

Skulevalet: 9,6 % til Senterpartiet

- Ungdomane ser den gode politikken me står for og som me ønskjer å driva i nye Vestland. Det viser igjen på resultatet frå skulevalet, seier Hilde Horpen.

I det aller første skulevalet i Vestland fylke fekk Senterpartiet 9,6 % oppslutning. Vestland Senterparti sin ungdomskandidat Hilde Horpen er nøgd med resultatet.

- Det har tidlegare vore ein vesentleg skilnad mellom resultata våre i Sogn og Fjordane samanlikna med Hordaland. Totalt sett var dette ein framgong, så dette var gode tal for oss! Dette viser at ungdommen ser me har ein politikk som gagnar nye Vestland, og som ivaretek distrikta. I skuledebattane har me også vist at me er det tydelegaste motsvaret til regjeringa, og eg trur mange ungdommar ønskjer eit grønt Vestland, seier Horpen.

Skule og klima har vore to viktige saker i årets skulevalkamp der Senterpartiet har vist godt igjen.

- Dette er tema ungdom brenn for, og som me i Senterpartiet har god politikk på. Gjennom skuledebattane og møte med ungdom i heile fylket, har dei blitt godt kjende med våre standpunkt og vår politikk på desse områda. Skulevalet i dag viser at mange ungdommar er samde med oss,  seier Horpen.   

Valresultat

Skulevalet - Vestland:

Rødt      5.0 %    

SV          10.1 % 

A            26.1 % 

SP           9.6 %    

MDG      9.6 %    

KrF         2.7 %    

V            8.8 %    

H            12.4 % 

FrP         6.5 %