Meny

Sp vil servera frukost på alle vidaregåande skular i Vestland

Kari Aakra

- Det er utruleg kjekt at det som starta som ein initiativ frå Senterpartiet har vist seg å bli ein så stor suksess i Hordaland. No gler me oss også til å kunna innføre dette i nye Vestland, seier Hilde Horpen i Vestland Sp.

I dag fekk elevar ved Flora vidaregåande skule prøvesmaka det som kan bli ein viktig del av skulekvardagen i nye Vestland fylke. Senterungdommen serverte ein god start på dagen i form av fersk frukost før timane starta.

Skulefrukost er allereie i dag eit tilbod på alle vidaregåande skular i Hordaland. Dette kom som følgje av at Senterpartiet i 2015 tok initiativ til eit gratis skulemåltid på starten av dagen , etter inspirasjon av skulefrukostordning ved Fusa vidaregåande skule.

Det har vore stor suksess i Hordaland, og no ser Horpen fram til at elevar i Sogn og Fjordane kan få same tilbodet som del av nye Vestland.

- I tillegg til å oppretthalda skulestrukturen i heile det nye fylket, er skulefrukost ein av dei viktigaste kampsakene våre for å styrka den vidaregåande opplæringa i Vestland. Senterpartiet ønskjer å rulla dette ut til alle vidaregåande skular i Sogn  og Fjordane så snart nye Vestland trer i kraft, seier Horpen. 

Senterpartiet veit betydninga av god og næringsrik mat, og har i mange år hatt det som ei kjernesak at vidaregåande skular skal få tilbod om gratis skulefrukost.

I dag nyttar alle dei offentlege vidaregåande skulane i Hordaland seg  av tilbodet, og det er ikkje tvil om at dette er med på å betra læringsmiljøet, seier 6. kandidat i Vestland Sp og nestleiar i opplærings- og helseutvalet, Alexander Fosse Andersen, som initierte saka i Hordaland i 2015.

- Skulefrukost kan bety så mykje for skulekvardagen til mange. Det bidrar til  betre læreevne, høgare trivsel, eit godt miljø og styrka konsentrasjon. Skulefrukost er også eit særs viktig tiltak for å førebyggja fråfall frå skulen og sikra betre læringsmiljø. Dette er ei sak me i Senterpartiet har vore veldig stolte av etter at det blei iverksett i Hordaland, og me ser fram til at elevar også i Sogn og Fjordane skal få same tilbodet som del av det nye fylket, seier Fosse