Meny

Kommunane i Hordaland vil oppleve større utfordringar neste år med dette statsbudsjettet

Kjersti Toppe og Nils T. Bjørke

Statsbudsjettet lagt fram 12.oktober vil gi auka forskjellar i Norge. For Hordaland fylke vil til dømes ei halvering av tilskot til breiband gje svekka utbygging og omstilling til digital samhandling i fylket vårt.


Store kutt i regionale utviklingsmidlar er eit anna døme. Det vil gje redusert satsing på næringsutvikling. Budsjettposten er meir enn halvert sidan 2013. Næringslivet i distrikta er taparen. Også kuttet i pendlarfrådraget vil råke dei arbeidsreisande i Hordaland sterkt.

At den viktige reiselivsnæringa i fylket vårt no får ytterlage to prosent auke i meirverdiavgifta, vil svekkje lønsemda i næringa. Norsk turisme er prissensitiv. Regjeringa, som nyleg la fram ei reiselivsmelding, viser med dette at dei ikkje tek reiselivet i distrikta på alvor. Auken i meirverdiavgift gir ikkje berre dyrare overnattingar, men også dyrare kollektivbillettar. Det er vel det siste vi treng når ein elles har mål om å få fleire til å reise kollektivt.

Vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane i Hordaland har vore stort og veksande. Senterpartiet har vore tydeleg på at denne delen av samferdselssatsinga er svært viktig å lyfte fram. Det skjer dessverre ikkje med dette statsbudsjettet. At det heller ikkje er auke i midlar til rassikring, er også svært skuffande. At det berre er planleggingsmidlar til store prosjekt som K5 Arna- Stanghelle og ferjefri E39, er som forventa. Fleirtalspartia H, FrP, KrF og V prioriterte som kjent ned prosjekta i Nasjonal transportplan (NTP). Løftebrota blir vidareført, sjølv om det vart brukt store ord i valkampen. På toppen av dette, vil regjeringa no utsetja jernbanestrekninga Bergen-Fløen.

Kommunane i Hordaland vil oppleve større utfordringar neste år med dette statsbudsjettet. Eit eksempel er toppfinansieringsordninga for ressurskrevjande brukarar ,som nok ein gong er føreslått svekka gjennom auka eigenfinansiering. Fylkeskommunen vil og få tronge rammer i 2018. Rammene blir nasjonalt auka med 100 millionar kroner. Dette skal dekke behov for all satsing innanfor både utdanning, kollektivtrafikk og fylkesvegar.

Ordninga for utlikning av nettleige, er foreslått fasa ut. Senterpartiet meiner det er uhaldbart at det skal vere store skilnader i nettleige for straum. Vi meiner denne ordninga må førast vidare, for å sikre mindre forskjellar i samfunnet. Det vert heilt feil at innbyggjarane der krafta vert produsert skal ha dyrare nettleiga enn i storbyane, sjølv om ein der treng lange dyre kraftlinjer for å føra straumen fram.

Hordaland har mange frivillige lag og organisasjonar. Forslaget til statsbudsjett rammar frivillige lag og organisasjonar hardt. Tilbakebetalinga av momsutgifter til idrettslag og andre lokale organisasjonar vil bli ytterlegare avkorta i 2018. Slik mister frivillige organisasjonar millionar som kunne vore nytta til auka aktivitet blant barn og unge i heile Hordaland. Regjeringa føreslår også å kutte alle statsstøtte til frivillige lag og organisasjonar under Landbruks- og matdepartementet, som til dømes 4H.

Sjølvsagt inneheld eit statsbudsjett også gode satsingar som alle er einige i. Men profilen i statsbudsjettet er grunn til å åtvare mot. Det legg ikkje opp til at folk skal kunne leve og skape i heile Hordaland. Stortinget har difor eit stor ansvar og mykje arbeid framfor seg i haust. Statsbudsjettet må endrast på vesentlege punkt.

Kjersti Toppe

Nils T. Bjørke

Stortingsrepresentantar Senterpartiet