Meny

Stopp sentraliseringa

Sentraliseringa fortset og no er det Helfo som er råka. På Voss vil dette sei at 14 arbeidsplassar forsvinn. Dette burde vera unødvendig når dette er digitaliserte arbeidsplassar som burde kunne leggjast til distrikta.

Noko av det viktigaste med digitaliseringa har vore at dette skulle kunna opna for desentralisering, og at ein kunne spreia arbeidsplassane. Kompetansemiljø kan etablerast sjølv på mindre plassar.

Grunngjevinga for prosessen rundt omorganiseringa av Helfo synest vera heilt motsett. Kunnskapen er stadbunden, ikkje fleksibel. Kunnskapen er ikkje grenseoverskridane, men blir stoppa av kommune og fylkesgrenser. Kompetansemiljø kan ikkje byggjast opp utan at ein sentraliserar. Det er då verdt å merka seg at avdelingen på Voss har vore rekna for å vera i front når det gjeld digitalseringsarbeidet i Helfo. Dei har vist seg omstillingsdyktige gjennom å vera pilotkontor og levert gode resultat. Det har ikkje stått på kompetanse og kapasitet til å ta del i denne utviklinga. Denne kompetansen vil ein no missa då det er ingen av dei tilsette ved dette kontoret som vil eller kan flytta.

Helfo hadde for eit tid tilbake lang saksbehandlingstid, dette er no slutt på og ein behandlar dei fleste saker ved kontoret på mindre enn ei veke. Ved denne omorganiseringa vil ein missa kompetanse og ein er difor svært uroa for at produksjonen i Helfo vil gå ned og saksbehandlingstida vil gå opp.

Ein annan av grunnane for sentraliseringa skal vera ein vel fungerande arbeidsmarknad med god tilgang på kompetanse. Vegtilsynet vart lagt til Voss av den raud grøne regjeringa for seks år sidan og ein av motforestillingane som vart trekt fram der var at ein ville få problem med å skaffa høgt utdanna arbeidskraft. Dette er gjort til skamme og det same vil også gjelda for Helfo.

Hordaland SP vil heller at ein skal sjå på teknologiutvikling og digitaliseringa som ei mogelegheit for distrikta, og ikkje slik som det er lagt fram av Helfo som eit grunnlag for sentralisering. Vis ein meiner noko med distriktsutvikling og arbeidsplassar i heile landet må ein ta heile landet i bruk også for statlege arbeidsplassar.