Meny

Tenester nær folk = Kommuneøkonomi

Med ei slik overskrift er det vel mange som tenkjer at "dette var noko kjedeleg som eg ikkje treng lesa"..

Men om ein tenkjer kva ordet omfattar så er nok dette noko som alle av oss på ein eller anna måte er påverka av. Reint konkret så kan ein nemna:

  • Barnehageplassar
  • Skular
  • Omsorg i heimen eller institusjon
  • Helsetenester
  • Barnevern
  • Kommunevegar

Desse oppgåvene og mange fleire er det som er viktige for at me kan oppretthalda busetnad og eit godt liv for innbyggarane i heradet vårt. Kommunane er den viktigaste bidragsytaren til god velferd og som gjer det mogeleg å bu i heile Noreg. For kvart år som går vert det stadig overført nye oppgåver og gitt rettigheiter som gjer at kommunane blir pressa både på kompetanse og økonomi. Samstundes er det også slik at sjølv om budsjetta aukar år for år så står ikkje auken i forhold til oppgåvene.

For eit parti som har som mål at me skal kunna bu i heile landet er det med denne bakgrunnen utfordrande. Alt for ofte blir svaret at me må laga større einingar, og det vil altså sei sentralisering, både i stort og smått. Sjølvsagt er det slik at me skal bruka midlane me har til rådvelde på ein fornuftig måte, og det vil vera slik at me i ein del tilfelle kan gjera ting på ein anna måte slik at me får meir ut av kvar krona. Men kvar går grensa?

Om det er slik at me for å koma i hamn med økonomiplanar og budsjett framover må redusera ulike tilbod, og at me stadig må sentralisera tenestene våre så er det ei utvikling som ein ikkje ynskjer. Me skal sjølvsagt vera ansvarlege, men likevel må det i økonomien vera opning for å politiske prioriteringar.

SP går til val på tenester nær folk og kommunen er og vil også i framtida vera den viktigaste bidragsytaren. Difor vil SP styrkja kommuneøkonomien og har i sine alternative budsjett dei siste åra synt dette. Voss ville for eksempel i 2021 fått 12 mill meir i overføringar med SP sit alternative budsjett.

Me treng eit skifte med ei regjering som vil bygga heile Noreg med tenester nær folk.

Sigbjørn Hauge

Voss SP