Gå til hovedinnhold

Mat, miljø og demokrati i Nepal

I 2019 vedtok Senterpartiet sitt sentralstyre å starta eit samarbeidsprosjekt med Utviklingsfondet i Nepal, med oppstart 1. januar 2020. Årsmøtet i Hordaland sitt lotteri går dette året til Utviklingsfondet sitt arbeid. 

Prosjektet finn stad i det sør-vestlege området i landet der det ikkje finnest så mange andre bistandsorganisasjonar, og der me meiner at det er størst behov for å vera tilstades. Målgruppa er fattige på landsbygda. Senterpartiet vil følgja og bidra til Utviklingsfondet og dei lokale partnarane sitt arbeid med klimatilpassing og mattryggleik, og å styrka lokaldemokratiet. Målgruppa skal delta aktivt både ved å identifisera og analysera eigne behov, og i planlegginga av aktivitetar og tiltak.

Les meir om Utviklingsfondet sitt arbeid i Nepal her!

Me håpar at så mange som mogleg kan bidra til å støtta Senterpartiet og Utviklingsfondet sitt prosjekt for å styrka arbeidet med å sikra klimatilpassing, mattryggleik og godt styresett i Nepal. For kvar krone Senterpartiet klarer å samla inn, gir staten ca. 9 kroner til prosjektet. 

Kvifor Utviklingsfondet?

Utviklingsfondet jobbar for å kjempa mot svolt og fattigdomdom.

Visjonen deira er ei bærekraftig og rettferdig verd. Dei bidrar til at småbønder står sterkare når klimaendringar gir ekstremvær og vanskelehare dyrkigstilhøve.

Kvart år når dei ut til ein halv million menneske i Afrika, Asia og Mellom-Amerika.

Når fattige familiar produserer nok mat kan dei også få overskot til å leva gode liv. Ekstra inntekt gjer det mogleg for borna å gå på skule og få medisinsk behandling dersom dei blir sjuke. Hjelp til sjølvhjelp er ein bærekraftig og effektiv måte å kjemp mot fattigdom.

Aldri tidlegare har tilhøva mellom mat og miljø vore tydelegare. Klimaendringar og over-utnytting av naturressursar truar matproduksjonen. Aller verst er det i dei områda av verda der dei fattigaste bur. Utviklingsfondet hjelp bønder med å tilpassa seg eit klima i endring, og lærer dei korleis ein kan produsera nok mat utan å øydeleggja naturen.

Utviklingsfondet er ein sjølvstendig  norsk miljø- og utviklingsorganisasjon, men har ei rekke samarbeidspartnarar i ulike land. Det konkrete arbeidet for fattige bønder blir gjennomført av lokale organisasjonar med solid erfaring og lokalkunnskap. Slik blir arbeidet både betre og billigare. Utviklingsfondet er heile tida med som ein fagleg støttespelar i utforming og gjennomføring av prosjekta.

Foto_Tine Poppe_4
Foto: Tina Poppe

Kvifor Nepal?

Nepal er eit av verdas mest klimasårbare land, og er prega av gjentakande naturkatastrofar som flaum, jordskjelv og skred. Dette rammar innbyggjarane sitt livsgrunnlag. 68% av innbyggjarane får si inntekt gjennom landbruket, og sektoren bidrar til heile 34% av landet sitt brutto nasjonalprodukt (BNP). Til trass for nokre framsteg i fattigdomsreduksjon i Nepal dei siste åra, er Nepal framleis eit av verda fattigaste land.

Nepal har ei lang historie med politisk ustabilitet og er eit nytt demokrati med ein fersk grunnlov frå 2015. I 2017 gjennomførte Nepal dei første lokalvala på 20 år, og landet fekk si første føderale regjering på plass i 2018. Utviklingsfondet, som har arbeiddi landet sidan 1982, prioriterer å arbeida i dei fattigste områda, og har lang erfaring frå arbeid med blant anna klimatilpassing, mattryggleik og kommuneplanlegging.

Utviklingsfondet sitt hovedfokus er fattigdomsreduksjon blant dei fattigaste og mest marginaliserte gruppene i landet. Dei jobbar med auka mattryggleik og betre ernæring, auka inntekter, styrka tilpassingskapasitet til klimaendringar og risikoreduksjon. Arbeidet tar utgangspunkt i å maksimera potensialet i landbruket. Området konsentrerar seg i hovedsak om Vest-Nepal der behovet er størst, og der få andre organisasjonar jobber.