Meny
nominasjon2

Toppe på topp, Bjørke og Myrvold på 2 og 3.plass

-  Me legg fram ei solid liste som representerer heile Hordaland, seier leiar av nominasjonsnemnda i Hordaland Senterparti, Solfrid Borge. 

Nominasjonsnemnda i Hordaland Senterparti føreslår Kjersti Toppe på første plass, Nils T. Bjørke på 2. og Hans Inge Myrvold på 3. plass til Stortingsvalet i 2021.


-  Dei tre toppkandidatane er drivne og dyktige politikararar, og særs gode representantar for heile valkrinsen Hordaland.  For nemnda har det vore viktig å setja saman ei liste som representerer god breidde innan både politisk erfaring, yrkesbakgrunn, geografi, alder og kjønn. Lista me nå føreslår speglar denne breidda. Me er også svært nøgde med å ha funne plass til så mange senterungdommar på lista, seier Borge.   


Nominasjonsnemnda sitt framlegg er samrøystes, og er lagt fram på bakgrunn av innspel og tilbakemeldingar frå lokallaga i Hordaland Sp. 


- Senterpartiet veks stadig og er no ein av dei tre største partia i landet. Noreg treng ei ny retning og Senterpartiet er viktigare enn nokon gong.  Me går mot eit svært viktig val, der me stiller med eit sterkt lag frå Hordaland, seier Borge. 


Hordaland er framleis eige valdistrikt i Stortingsvalet. Nominasjonsmøtet i Hordaland Sp går av stabelen 5. desember, og vil grunna smittesituasjonen gjennomførast digitalt. 

 

Nominasjonsnemnda i Hordaland Sp sitt framlegg til Stortingsvalliste: 

  1. Kjersti Toppe - Bergen
  2. Nils T Bjørke - Voss
  3. Hans Inge Myrvold - Kvinnherad
  4. Sara Hamre Sekkingstad - Alver/Senterungdommen
  5. Kari Jordal - Bergen/Senterungdommen
  6. Jakob Bjelland - Stord
  7. Håvard Sæbø - Eidfjord/Senterungdommen
  8. Hege Eide Vik - Vaksdal
  9. Jostein Ljones - Kvam
  10. Lajla-Margrete Lindskog-Lund -  Ullensvang
  11. Lars Fjeldstad - Osterøy/Senterungdommen
  12. Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim - Etne
  13. Alexander Fosse Andersen - Bergen
  14. Sølvi Kobbeltvedt - Øygarden
  15. Reidar Digranes - Bergen/Senterungdommen
  16. Johanne Neteland - Kvam/Senterungdommen
  17. Mikal Leigland - Bjørnafjorden
  18. Otilie Brubæk Stokseth - Bergen/Senterungdommen
  19. Marianne Nordhus - Kvinnherad
  20. Bjørn Asle Teige - Bømlo
  21. Hilde Lussand Selheim - Voss
  22. Sigrid Brattabø Handegard - Ullensvang