Ordstyrarar, kjære landsmøte.
Senterpartiet kan komme i regjering etter valet. Vi kan få sjansen til å endre norsk politikk. H/FrP har i regjering arbeida målretta for privatisering og maktsentralisering. Sjukehus, lensmannskontor og rådhus er eller skal leggast ned. Regjeringa vil ha sjukehus utan kirurgar i vakt. Berre smak på det.
Senterpartiet er det klaraste alternativet til denne arrogante sentraliseringspolitikken. Veljarane ser det. Meiningsmålingane viser det. Men Senterpartiets oppgåver må ikkje stoppast her.
Det er ikkje nok å kjempe for desentralisering og utjamning mellom nord og sør, når ulikhetene mellom folk aukar. Det er blitt fleire fattige barn. Vi har ungdom som havnar utanfor både jobb og utdanning. Med denne regjeringa er det blitt fleire uføre foreldre som får kutt i barnetillegg. Skattekutt har gått til dei rikaste. Arbeidslivet er blitt meir brutalisert og utrygt. Vi har fått svekking av arbeidsmiljølova, meir midlertidighet og «fast tilsetting utan løn mellom oppdrag». For å nemne noko.
Senterpartiet har alltid stått på for eit samfunn med små forskjellar. Vi må framover være tydelegare i kampen mot auka sosiale skilnader mellom folk. Resultatet ser eg i helsepolitikken. Sosiale skilnader gir sosiale helseskilnader, dei går i arv og er vår største helsepolitiske utfordring. Og kan bare førebyggast gjennom ein bevisst og tøff fordelingspolitikk og tydelig folkehelsesatsing. Det må være Senterpartiets merke.
Senterpartiet har opplevd eit fantastisk engasjement for gode sjukehus rundt om kring i landet. Hundrevis av menneske møter opp i kulturhus og tusenvis går i fakkeltog. Alle folkevalde må ta omsyn til dette. Senterpartiet har fremma dokumentet Folkets helseteneste. Her definerer vi innhaldet i fullverdige lokalsjukehus. Her foreslår vi rammefinansiering av sjukehus, slik vi finansierer skule og eldreomsorg. Her skrotar vi helseføretakslova til fordel for ei helseforvaltningslov. Her går vi for stadleg leiing ved alle sjukehus. Vi fremmar forslag om ny spesialitet i akuttkirurgi, for å ivareta lokalsjukehusa sine behov. Vi fremmer forslag om ny politikk for betre legevakt og ambulansetenester der folk bur. Vi fremmer forslag om at lokalsjukehus skal ha traumemottak når det er lenger enn 45 minutt til et regionsjukehus med traumesenter.
Sjukehus er politikk. Folkevalde må stå til ansvar for vedtaka. Det må bli slutt på vere uærleg. Å innføre folkevald styring av sjukehus vil resultere i at folkevalde styremedlemmar må representere folkeviljen. Det kallas demokrati.
Eg vil avslutte med å låne orda til Kate Næss i Blindgjengere frå 1969, «På sporet».
«Vi er på sporet
etter en ny og bedre virkelighet
som skal finnes ikke så langt herfra
Den ligger forhåpentlig i nærheten
av det hjertet forstår»