Vald i nære relasjonar
Ordninga med at den som vert ilagt besøksforbod også får alarm, vert svært lite brukt. I åra 2012 -2018 har politiet fått meldt over 22.000 tilfelle av vald i nære relasjonar. Dei siste sju åra har omvendt valdsalarm vore brukt i 26 tilfelle.
I det siste har temaet «Vald i nære relasjonar» og bruk av valdsalarm vore oppe i media. Særleg har det vore sett lys på såkalla «Omvendt valdsalarm», kor det er lovbrytaren som får innsnevra sin fridom. Vanlegvis er det den som har vorte utsett for vald som får valdsalarm, noko som ofte kan gi falsk tryggleik.
Ordninga med at den som vert ilagt besøksforbod også får alarm, vert svært lite brukt. I åra 2012 -2018 har politiet fått meldt over 22.000 tilfelle av vald i nære relasjonar. Dei siste sju åra har omvendt valdsalarm vore brukt i 26 tilfelle.
Det er fleire årsaker til at «Omvendt valdsalarm» vert så lite brukt, men kanskje det viktigaste er at Politiet ikkje åleine kan tildela denne typen alarm. Det må i så fall vera ein del straffeutmålinga. Det er positivt at justisminister Monica Mæland no har lova å sjå på dette for å få eit klarare regelverk, med mål om at fleire valdsutøvarar får pålegg om å bruka alarm. Slik kan Politiet raskt slå til dersom den domfelte går inn på «ulovleg» område.
Senterkvinnene i Hordaland meiner at det må vera automatikk i at dersom ein person vert ilagt besøksforbod, ja, så må personen også få tildelt omvendt valdsalarm/fotlenke.