Meny
Bli medlem

Grøn omstilling for framtida - Vestlandet skal bli verdas grønaste havregion!

Sist endret: 27.09.2020 - Fråsegn vedteken på fylkesårsmøtet 14.-15. februar #Hordaland

Klimakrisa er dramatisk. Vi må handle no for å redusere skadeverknadene. Vestlendingen er god på omstilling og regionen har alle føresetnader for gå i front globalt i det grøne skiftet. Vi skal skape titusenvis av nye arbeidsplassar for å sikre framtida for Noreg som demokratisk, tillitsbasert velferdsstat.

Vestlandet og Noreg står over for ei stor omstilling som følgje av klimaendringar. Senterpartiet i Hordland slår fast at klimakrisa er dramatisk. Vi må handle no for å redusere skadeverknadene. Vestlendingen er god på omstilling og regionen har alle føresetnader for gå i front globalt i det grøne skiftet. Vi skal skape titusenvis av nye arbeidsplassar for å sikre framtida for Noreg som demokratisk, tillitsbasert velferdsstat.
Etter Johan Sverdrup og Castberg er det ikkje gjort vesentlege funn på norsk sokkel. Dette betyr at olje- og gassklynga i stor grad må omstille seg til næringar som har vekstpotensial. Ved å byggje på norsk olje- og gasskompetanse vil norsk industri kunne kapre vesentlege markedsandeler.

Jorda er ein arv som vi forpliktar å forvalte for våre etterkommarar. Senterpartiet vil at Noreg skal ta sin del av ansvaret for å løyse miljø- og klimaproblema.  Senterpartiet vil gjere dei fornybare naturressursane, og bruk av desse i lange verdikjeder, til fundamentet for økonomien. Framtida vår må byggjast på kompetanse, tillit, naturressursane i regionen, kvalitet og teknologi. Vestlandet har store vekstmoglegheiter i ein global marknad som etterspør:

  • Rein kvalitetsmat frå fjord til bord
  • Auka foredling av marine ressursar
  • Rein energi
  • Klimanøytral eller klimaminimale utslepp av sjøtransport
  • Nye proteinkjelder
  • Eventyrlege opplevingar
  • Reinast mogleg oljeutvinning i etablerte område

Regionen inkludert fjordarmane har alle føresetnader for å blir eit internasjonalt kraftsentrum for grøn næringsutvikling både ved, på og under havet. 

Hordland Senterparti vil sikre realisering av:

  • Norsk havvind i storskala. Havvind og flytande installasjonar har 3-4 gongar større potensiale enn botnfast produksjon (i følge SINTEF). Dette vil og skape norske arbeidsplassar.Sp ynskjer ei føre-var tilnærming der ein ser dei ulike nærings-og miljøinteressene under eitt.
  • Produksjon av protein og biogass med avskjer frå biologisk produksjon
  • Realisering av stadig meir kostnadseffektiv karbonfangst
  • Hydrogenproduksjon
  • Vidareutvikle Hordaland som globalt nav for marin batteriproduksjon
  • Støtte prosjekt som "nullutsleppsskipet" som er globalt viktige
  • Styrke samarbeidet på tvers av havnæringane
  • Berekraftig turisme som legg igjen verdi gjennom overnattingar i staden for overbelasting
  • Infrastruktur for lav- og nullutslepp (hydrogen, landstrøm osv.)
  • 4-timars tog Bergen – Oslo, ferjefri E39 og ein trygg E16
  • Praktisk opplæring og tett samarbeid mellom næringsliv og undervisning


Vestlandet sitt største energiselskap BKK har på få år gått frå å vere ein traust kraftprodusent til å vere på FNs rangering av dei 50 mest berekraftige og klimavennlege selskapa i verda. Hardt arbeid og endringsvilje gir resultat.

Senterpartiet vil etablere Vestlandet som verdsleiande grøn havregion.

Denne artikkelen ble først publisert 21.02.2020