Meny

Bygdevekstavtalar for Møre og Romsdal

Senterpartiet meiner det er behov for ei forpliktande statleg satsing i norske distriktskommunar. Samtidig må omfanget på byvekstavtalar i dei største byane reduserast og dei må innrettast mot eit betre miljø i byane, i staden for vekst. Senterpartiet vil at mindre byar skal takast inn i bymiljøavtaleordninga. Vi vil foreslå dette i statsbudsjettet til hausten, og det vil bli ei viktig sak om vi kjem i regjeringsforhandlingar etter stortingsvalet i 2021.

Senterpartiet har valt ut tre område som vi vil prioritere for bygdevekstavtalar:

1.Sande og Vanylven kommunar

2.Norddal og Stordal (Fjord) kommunar + Geiranger( dvs Verdsarvområdet med randsone)

3.Tingvoll og Gjemnes + Raudsand

Grunngjeving:

Vi har valt ut område med utfordringar knytt til folketalsutvikling og næringsutvikling over tid – og som får særskilte utfordringar framover mellom anna på grunn av at Staten trekkjer seg ut med arbeidsplassar– og der vi ser at slike tiltak heilt klart kan vere med og snu utviklinga.

For Sande og Vanylven vil t.d. tiltak knytt til betre kommunikasjonar ut til øysamfunna og mellom kommunane vere særdeles viktig.

For Verdsarvområdet med randsone er det allereie gjort mange utgreiingar og det ligg føre mange forslag til tiltak for å sikre heilårs busetnad, aktivt landbruk og meir lokal verdiskaping av turismen. Området ønskjer t.d. å vere ein pilot for utprøving av ein tilpassa sveitsisk modell for landbruksstøtte.

For Tingvoll og Gjemnes er det viktig å etablere fleire arbeidsplassar m.a. på grunn av at staten trekkjer seg ut, og det er viktig å knyte saman lokalsamfunna over fjorden. Alternative arbeidsplassar til eit påtenkt deponi for farleg avfall i Raudsand i Nesset er eit viktig satsingsområde. Arbeidsplassar knytt til grøn turisme og ny, grøn industri i er høgaktuelt.         

 

Eksempel på virkemidler bygdevekst


Eksempler på tiltak er kun for illustrasjon. Faktisk tiltak vil avhenge av forhandlinger mellom stat og kommuner i de enkelte avtalene.

Infrastruktur

-Tomter og bygg. Bedre og raskere tilrettelegging fra kommunen.

-Plan- og bygningslov: differensierte regler. Muligheter for ulike tilpassinger lokalt.

-Strøm – bygge ut kapasitet.

-Bredbånd og mobildekning.

-Pendlerfradrag.

-Fylkesveimidler, bro, skred- og rassikring,

-Fylkesbåtruter og ferjer.

-Kollektivtransport i distriktene (KID-ordningen) som gjør det mulig for fylkene å teste nye modeller for kollektivtrafikk i spredtbygde strøk, for eksempel med modeller hvor taxi tas i bruk for å bringe folk til buss/tog.

Næringer

-Utflytting av statlige arbeidsplasser. Sikre at etablering av eventuelle nye statlige arbeidsplasser skal skje i distriktene. Det som kan desentraliseres, skal desentraliseres,

-Virkemidler til investeringsstøtte. Oppstartkapital. Såkornfond.

-Regionale utviklingsmidler.

-Statlig tilskudd til bedrifter som flytter ut til en distriktskommune

Attraktive bokommuner

-Boligtilbud, virkemidler som startlånordningen gjennom Husbanken for å muliggjøre boligbygging i områder hvor byggekostnader overstiger markedsverdi.

-Bygging av bolig til utleie – enklere for folk å bosette seg i distriktene dersom man ikke må kjøpe bolig umiddelbart.

-Fritidsaktiviteter, idrett, friluftsliv, kulturtilbud – bruke lokale fortrinn, f.eks. et stort sportsmiljø til å målrettet tiltrekke seg folk som kan ønske å flytte til kommunen grunnet dette fritidstilbudet.