Meny

FrP og Klimakur 2030

Kristin Sørheim - fylkesutvalsmedlem SP

Da fylkesutvalet nyleg diskuterte Klimakur, forslag til kva tiltak vi bør gjennomføre i Norge for å bidra til å oppfylle Parisavtalen, meldte Frank Sve FrP heilt ut av debatten. Han meiner tydelegvis at vi alle skal køyre meir bil, pumpe meir olje, bruke meir av alt og han blir «kvalm» av å lese om dette temaet.

FrP har – framfor noko anna politisk parti – rive grunnen unna ein bruksstruktur som høver geografien på Vestlandet. FrP har sørga for å drive fram ei kapitalkrevjande drift, ein bruksstorleik som krev enormt med transport, som svekkjer sjølvforsyninga, som premierer bruk av importert soya framfor beiting på norsk grasmark, som importerer mengder med kjøt når vi produserer nok sjølv. Og som reduserer lønsemda i jordbruket.

Ein grundig gjennomgang av ulike tiltak for å nå dei måla Stortinget har sett for å redusere klimagassutsleppa, enda med ein sterk kritikk av dagens modellar for å rekne utslepp frå landbruket. Desse modellane har FrP vore med og godteke – gjennom regjeringa sin landbrukspolitikk dei siste åra. Vi i SP har derimot hardnakka hevda at desse er feil. Særleg fordi drøvtyggarane får eit «svarteperstempel» som er fullstendig ufortent. At FrP hevdar det same som oss når dei er ute på bygda, er for så vidt bra, men det hjelper lite når politikken dei står for ikkje tek dette inn over seg.  Det trengst meir mykje meir kunnskap og heilskaplege vurderingar før ein kjem med pålegg og endringar som slår beina under norsk matproduksjon basert på norske ressursar. Det brydde ikkje FrP seg om da dei sat i regjering og innførte forbod mot nydyrking av myr – utan fagleg grunnlag. Eller auka kjøtimporten og auka overproduksjonen av kjøt og let bøndene ta rekninga sjølv.

Frank Sve og andre i FrP har visst glede av å spreie desinformasjon om andre parti sin politikk, anten det er MDG eller SP, både i aviser og på sosiale kanalar. Når vi seier at redusert kjøttforbruk og auka produksjon av norsk korn, frukt og grønt vil vere eit viktig klimatiltak – noko som ein kvar litt oppegåande person veit er rett – framstiller FrP det som at vi vil legge ned landbruket og husdyrhaldet. Når vi seier at ei omlegging av kosthaldet krev verkemiddel ut over det landbrukssektoren rår over, mellom anna skatte- og avgiftspolitikk og folkehelsepolitikk, påstår FrP at vi vil legge avgifter på kjøtt. FrP har det med å forenkle og parodiere kompliserte spørsmål.

Redusert kjøttforbruk kan vi enkelt oppnå med mindre import og heller satse på produksjon på norske og lokale fôrressursar. Det vil hindre attgroing, redusere klimagassutsleppa og auke karbonlagringa i jorda. Auka norsk korn-, frukt- og grønsakproduksjon kan vi få til . Det er landbrukspolitikk, men ikkje FrP sin.  Alt dette vil auke sysselsettinga og norsk verdiskaping. Vi har naturlegvis aldri tenkt tanken om auka avgift på kjøt, men vi kan godt vere med og subsidiere norskprodusert  frukt og grønsaker slik at det vert billegare. Forslaget som både MDG og SP står bak i fylkesutvalet i Møre og Romsdal vil faktisk styrke norsk landbruk, vere bra for miljøet og bra for folkehelsa – kort sagt vere meir berekraftig på alle vis.