Meny
Per Ivar Lied, 3.kandidat

Regjeringa sviktar verfta

Per Ivar Lied

I går besøkte 3.kandidat Per Ivar Lied og Sigbjørn Gjelsvik Myklebust Verft i Gursken i Sande kommune, saman med Sp ordførar Olav Myklebust. Maritimt Forum sa tidlegare i veka at staten har svikta verfta. Og dei er heilt einige i at regjeringa ikkje gjer nok!

 

- I stortingsmeldinga om maritim næring, vektla regjeringa sjølv at forskotsgarantiar kan bidra til at fleire lønsame prosjekt vert gjennomført og styrke verfta sin likviditet. Stortinget vektla også ved handsaminga av meldinga at verfta er den delen av den maritime verdikjeda som er mest utsett. Likevel har ingenting konkret skjedd frå regjeringa i etterkant på dette området. Dette er svært kritikkverdig og har allereie ført til tap av oppdrag for norske verft. Senterpartiet og ei evt ny regjering vil vere positiv til å utvide garantiordningane til verft, og stille tydelegare anbodskrav til dei skipa staten bestiller.

Lysare framtid? Tiltak trengst no!

Ein ny rapport frå Menon Economics slår fast at det truleg vil kome vekst i skipsbygginga fram mot 2030, så det er absolutt grunn til optimisme. Verfta langs heile Vestlandet, og ikkje minst her i Møre og Romsdal, er hjørnsteinsbedrifter i lokalsamfunna, har store ringverknader og er svært viktige for mange andre næringar og leverandørar lokalt. Rapporten viser at norske verft framleis har konkurransefortrinn, men at konkurransekrafta er svekka og konkurransen frå utanlandske verft er sterkare. Den dokumenterer også at styresmaktene i andre land har ein langt meir aktiv politikk med fleire konkrete støtteordningar for å legge til rette for sine verft.

- Norge har ikkje utnytta handlingsrommet som trass alt ligg i det internasjonale regelverket. Dette gjeld generelt, men ikkje minst no i koronakrisa, som også har ramma verftsindustrien hardt. Regjeringa og Norge må bli mykje råare på dette, og stille meir konkrete krav i anbodsutforminga. Eit klart bodskap frå leiinga ved Myklebust Verft er at verfta ikkje ber om subsidiar eller direkte støtte, men dei ber om betre garantiordningar og annleis innretting ved at staten kan gi garantibeløp også til verftet, ikkje berre finansinstitusjon/bank. Verfta har hatt ein tøff marknad i fleire år pga finanskrise, oljeprisfall, overkapasitet/ordrefall og korona, og dermed er stort sett kapitalreserven oppbrukt. Det er er svært kostnadskrevjande å finansiere skipsnybygg, i snitt rundt 500 millionar.

- Det er god økonomi og god framtid i skipsbygging, bransjen er også godt med i den grøne omstillinga, men staten må vere meir aktivt med for å sikre betre ordningar som gir norske verft betre konkurransevilkår og at verft og reiar faktisk har tryggleik for å inngå kontrakter. Skipa blir bygd uansett, og vi kan ikkje la all skipsbygging gå til utlandet fordi vi vil vere best i klassen i EU, og berre passivt vise til at internasjonalt regelverk hindrar betre rammevilkår. VI må tvert om verte best i klassen i å sikre norske interesser og utnytte handlingsrommet i internasjonale avtalar!

Til info: I samband med den maritime meldinga (Grønnere og smartere - morgendagens maritime næring) fremja Senterpartiet ma. desse forslaga:

Forslag 4 i stortingsmeldinga:

Stortinget ber regjeringen legge frem en strategi for å sikre at offentlige byggeoppdrag innenfor maritim sektor i størst mulig grad havner hos norske verft.

Forslag 3 i stortingsmeldinga:

Stortinget ber regjeringen synliggjøre og bruke handlingsrommet i EØS-avtalen med sikte på at en større del av verdiskapningen fra offentlige kontrakter skal komme den norske maritime næringen til gode.

 

Av: Per Ivar Lied, 3.kandidat til stortingsvalget