Meny

Å spare seg til fant – sjukehusøkonomi

Tysdag 12. mai vedtok eit Stortingsfleirtal innstillinga frå Helse- og omsorgskomiteen om Nasjonal helse- og sjukehusplan 2020 – 2023. Dette er den andre i rekkja frå dagens regjering.

Senterpartiet er skuffa over planen fordi den ikkje tek tak i nokre av dei største utfordringane som regjeringa sjølve peikte på i forkant; samhandling, prehospitale tenester og psykisk helsevern. Det blir stort sett vist til nye utredningar eller utviklingsplanar. Den tek heller ikkje tak i den utfordrande økonomiske situasjonen sjukehusa og helsevesenet står i.

SP etterlyste i innstillinga ein overordna og styrande nasjonal helse- og sjukehusplan som sikrar folkevald styring av utvikling av spesialisthelsetenesta. Dette manglar til trass for at Erna Solberg i valkampen i 2013 sa at ho ville ha ein plan for helse- og sjukehus slik vi har ein Nasjonal transportplan for samferdsel.

Den Nasjonale helse- og sjukehusplanen inneheld ikkje nokon investeringsplan for sjukehusa, men det blir berre vist til dei regionale helseføretaka sine eigne investeringsplanar. Da får ikkje Stortinget teke stilling til tidenes største sjukehusinvestering som kjem, Oslo Universitetssjukehus, og den blir da kunn behandla av styret i Helse Sør-Øst (HSØ) slik det ligg an no

Det som skjer i Oslo vil påverke det som skjer i Sjukehus Innlandet (SI). Når det no ser ut til at HSØ er med og pressar gjennom ei nedlegging av Ullevål sjukehus for å bygge eit megasjukehus på ei minitomt på Gaustad og rive frå kvarandre fagmiljøet på Ullevål som heile Norge nyter godt av, bør vi stille spørsmål ved på kva måte dette påverkar oss i Oppland og Hedmark. Desse planane, som er dobbelt så dyre, vil påverke våre sjukehusplanar og tenester i lang, lang tid framover!

SP meiner at vi ikkje skal vidareføre den innsatsstyrte finansieringa ned på sjukehus- eller avdelingsnivå, men sjå på tenestene og helseregionane som ei heilheit. Økonomien i SI er hardt pressa allereie og har kanskje nådd grensa for kva dei kan effektivisere og spare for å investere i nye sjukehus. Det er allereie av dei mest effektive helseføretaka i landet, men planlegg no med 13% effektivisering i løpet av 5 år. Det er veldig høgt sidan SI allereie er så effektiviserte. Vi har også spreidd busetnad som krev sitt av prehospitale tenester. Samtidig har HSØ store investeringsplanar framfor oss i køen som vi er med og betaler for.

SI har allereie har spara inn den eigenkapitalen vi treng for å investere i nytt sjukehus her, og desse skal gå inn i «banken» til HSØ og finansiere den største sjukehusinvesteringa i landet, 47 mrd i Oslo. Det er betimeleg å stille spørsmål om det blir att noko til oss til slutt. Likevel held dei fram med å peike på det såkalla målbildet, hovudsjukehus ved mjøsbrua. Er det realistisk slik den økonomiske situasjonen er i dag?

Vi veit også at Oslo bystyre no går mot å legge ned Ullevål og mot gigantutbygginga på Gaustad. For oss er jo det positivt, med tanke på at utbygginga på Gaustad er dobbelt så dyr som for Ullevål. Men vil Bent Høie lytte til Oslo bystyre eller til HSØ?

Vi kan ikkje halde fram med å kutte i pasienttilbod i forkant av større investeringar. Denne modellen ser vi også gjer at nye sjukehusbygg systematisk blir underdimensjonerte. SP ynskjer å avvikle føretaksmodellen og innføre ein ny finansieringsmodell for sjukehus, der store sjukehusinvesteringar blir prioriterte i Stortinget i nasjonal helse- og sjukehusplan og blir botnfinansiert over statsbudsjettet. Dette i staden for at den enkelte sjukehusregion må spare seg til fant for ei investering som kanskje ikkje blir noko av.