Gå til hovedinnhold

Dugnad for breiband - med rive og kopp

Senterpartiet meiner at det er Staten sitt ansvar å bygge ut breiband, der det ikkje er ein marknad som gjer ei utbygging bedriftsøkonomisk lønsam. Regjeringa har dei siste åra ikkje gitt nødvendige løyvingar til slik utbygging. Difor har det vore nødvendig med store kommunale og fylkeskommunale løyvingar.

Som ein del av tiltaka i samband med korona-situasjonen auka Stortinget i vår løyvingane til breiband med 150 millionar, i forhold til regjeringa si løyving i statsbudsjettet for 2020. Difor er det nå løyvd 75 millionar kroner til utbygging av breiband i Innlandet fylkeskommune i 2020. Det er eit vilkår for løyvinga at kommunar og fylke stiller med minst 25% av det statlege bidraget, i dei aktuelle utbyggingsprosjekta.

Innlandet Høyre, ved Kari Anne Jønnes, inviterer nå til ein tverrpolitisk dugnad for å sikre at denne statlege løyvinga blir utnytta. I tillegg forventar Høyre at fylkeskommune og kommunar stiller med større bidrag enn dei alt har gjort, og at fylkeskommunen tek eit ekstra ansvar. Ein må forstå dette som om Høyre meiner dei må stille med meir enn dei nødvendige 25 %.

Det må da peikast på følgjande: I mangel av store nok statlege løyvingar har det i våre område vore gjennomført breibandutbygging på dugnad i mange år. Den offentlege dugnadsinnsatsen har vore fordelt slik: Hedmark og Oppland fylkeskommunar, og kommunane i dei to fylka, løyvde i åra  2017-2019 omlag 330 millionar til breibandutbygging. Staten sitt bidrag var i same periode i underkant av 100 millionar. Det er altså kommunar og fylkeskommune som har gjort mest  for å sikre den digitale allemannsretten i våre område. Ikkje Staten, slik det bør vera.

Det er også nødvendig å peike på at gjeldande EØS-reglar dessverre gir det offentlege lite handlingsrom når det gjeld utlysing av anbod og inngåing av kontraktar i slike prosjekt. Prosjekta blir difor ofte seinare gjennomført enn dei elles kunne vore.

Å bygge digital infrastruktur, for å sikre den digitale allemannsretten, skal etter Senterpartiet sitt syn ikkje vera eit dugnadsarbeid. Det er eit statleg ansvar. Difor er det bra at Stortinget nå har vedteke ei større løyving for 2020. Men det er urimeleg av Jønnes og Høyre å forvente at kommunar og fylkeskommune skal bruke meir enn dei alt har gjort til dette formålet.

Det er fyrst og fremst manglande statlege løyvingar og eit detaljert og komplisert regelverk som gjer breibandutbygging vanskeleg å gjennomføre. Det er ikkje mangel på kommunalt og fylkeskommunalt engasjement, slik som Jønnes framstiller det.

Når ein inviterer til dugnad er det vanleg å si: «ta med kopp og rive». Så langt i denne dugnaden har kommunar og fylkeskommunar i mange år stilt opp med rive. Regjeringa har berre stilt med kopp. Da blir det ujamn bør å bera.

 

Olav Røssum, fylkestingsrepresentant Oppland Sp