Meny

«En kur for alt»

«Det fins ikke piller mot møkkete vann», syng Dum Dum Boys i sangen «Lunch i det grønne». Den fortsetter med: «Det fins noen folk i fete biler med en kur for alt.»

Kva har dette med Klimakur 2030 å gjere? Vi ser utfordringane, men legg nok ulik vekt på kva som er dei store utfordringane og kva som skal til for å løyse dei. Er det Dagros som er problemet? Ein kan fundere på kor vanskeleg ein skal gjere dette? Kyr, sauer og andre drøvtyggarar har vore ein del av naturen i 10.000 år i motsetning til olje, gass og kol. Det er ikkje kjøtproduksjonen i seg sjølv som er utfordringa for klimaet. Det er vår måte å kanalisere produksjonen, transportere råvarer og bruke naturen, som skapar behovet for ein klimakur. Men det er vårt forbruksmønster og kapitalflyten som er den største utfordringa etter mitt syn.

Klimakur 2030 er ei utredning av ulike tiltak og verkemiddel som kan gje minst 50 % reduksjon i ikkje-kvotepliktige utslepp i 2030 samanlikna med utslepp i 2005. Den delen som omhandlar landbruk har fått mykje merksemd, og det er kanskje ikkje så rart. Mange reagere på kvifor minka kjøtforbruk skal redde klimaet i Norge, medan olje og gass og flytrafikk ikkje blir rekna med. Når det i tillegg står i rapporten at sansynlegheita for faktisk å kunne gjennomføre tiltaka blir vurdert som middels til liten, avhengig av ambisjonsnivået, dett botnen av kuren ut.

I jordbruket si klimaavtale med regjeringa er det fire hovudmål som ligg til grunn for politikken: Matsikkerheit og beredskap, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og eit berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar.

Den beste kuren for norsk jordbrukspolitikk er å produsere mest mogleg mat på lokale ressursar, med god agronomi, minst mogleg sprøytemiddel og antibiotika og med minst mogleg transport av råstoff. Vi treng kanskje å ta to steg attende og få fokuset over frå større bruk, til små og mellomstore? Skogen i Norge tek opp nesten 30 millionar tonn CO2-ekvivalentar kvart år og dette kan aukast. Mykje av svaret ligg i naturen, i fotosyntesa og i skogen og det er fantastisk.

FN sine berekraftsmål kviler på tre pilarar; miljømessig, økonomisk og sosial berekraft. Skal vi lykkast med ein klimakur, må alle dei tre pilarane takast omsyn til. Når det gjeld landbruk, må bruksutviklinga i større grad baserast på det enkelte bruk sitt ressursgrunnlag og lønnsomheita må sikrast for å oppretthalde drift og produksjon. Auka bruk av eigne ressursar, også utmarksressursar, må ligge i botnen. Vi treng drøvtyggarar i grasområda og å dyrke meir korn, proteinvekstar og grønsaker i dei områda der det er mogleg.

Konsesjonsgrenser og verkemiddelbruken har ført til større bruk og mindre lønnsamheit på små- og mellomstore bruk. Det har vore stimulert til større kjøtproduksjon og til store driftseiningar som har vorte lausrive frå ressursgrunnlaget til garden. Dette må endrast. Eit berekraftig norsk jordbruk og auka sjølvforsyningsgrad må ha eit sterkt tollvern. Klimakuren slik den ligg no blir berre papirpolitikk. Vi må over til praktisk politikk og synge med ny tekst «for folk i vanlige biler med en kur for alt».