Gå til hovedinnhold

Erna gløymde å takke for maten

Eg og mange med meg høyrde Erna Solberg sin nyttårstale til folket. I ei tid då mange har vist stor innsats for å halde hjula i gang, takka ho på høvisk vis dei fleste yrkesgruppene for innsatsen. Men ho gløymde i god Høyre-tradisjon å takke for maten.

Matvaresikkerheit er i Erna sine augo dessverre noko sjølvsagd. Maten er berre der, og landbruket er berre der til nytte for seg sjølv, ser det ut som. Eg og mange med meg har stussa over denne selektive måten å takke på. Matvaresikkerheit er vesentlege å oppretthalde i ein krisesituasjon, sidan grenser kan bli stengde over natta. Bønder over heile landet fekk oppmoding om å auke produksjonen for å forsyne den norske marknaden. «Så bra for landbruket», høyrde eg mange uttrykke. Så bra for forbrukaren at vi enno har eit landbruk å setja inn i krisetider, seier eg!

I haust såg vi ein gjeng Høyre-damer avbilda i blå kjeledress på ein traktor med bildeteksten «Det norske landbruket blomstrer». Ser vi rundt oss er det grunn til å stille spørsmål til dette. Den blå kjeledressen vil eg tru kom fort av når fotoseansen var over. Eg vil oppmode Høyre til å lytte på dei som har kjeledressen på til dagleg. Dei veit kva det betyr av innsats å halde det norske landbruk i gang. Det er dessverre ikkje fyrste gongen norsk landbruk opplever lita verdsetting av mat og matforsyning frå den blå regjeringa. I god norsk tradisjon takker vi vel for maten, Erna?

Erna nytta også anledninga på nyttårseftan til å fortelje oss kor viktig det er for Norge å vera underlagt Europa og internasjonale styringslinjer i krisetider. Det kan virke som om vi ikkje hadde klart oss utan å ha andre land til passe på oss i pandemien. Vi skal ha gode handelsavtaler og relasjonar med alle land, men vi bør ikkje nytte pandemien til å drive EU-propaganda. Andre land som ikkje er tilknytt EU/EØS fekk vaksiner før oss. Vi er då ikkje avhengig av EØS for å ha tilgang på vaksiner? Det prøvde Erna å gje inntrykk av. Vaksinering skjer over heile verda, uavhengig av EU og EØS. Land som Israel og England skaffa seg vaksiner før oss.

Vi treng samarbeid på tvers av grenser som sjølvstendig nasjon, og ikkje eit Norge med internasjonalt/EU kompleks. Eit Norge som bygger vidare på det verdigrunnlaget generasjonar før oss har bygd opp. Eit Norge som takkar for maten, like naturleg som å takka alle dei andre yrkesgruppene i samfunnet. Når vi får eit regjeringsskifte neste haust, vil nok nyttårstala ta innover seg desse elementa.

God nytt år, og takk til alle som gjorde ein innsats for oss i 2020!

Haldor Ødegård, SP

Ordførar i Vestre Slidre, medlem av Innlandet fylkesting.