Meny

Felles Bioøkonomistrategi for Innlandet vedtatt

På felles fylkesting i dag har fylkestingene i Oppland og Hedmark vedtatt en felles Bioøkonomistrategi. Vi er midt i blomsterbeddet for ein bioøkonomi og med både ein nasjonal og ein bioøkonomistrategi for fylket vårt har vi eit godt utgangspunkt for omstilling ei grøn framtid, sier komiteleder Aud Hove.

Norsk økonomi som heilheit må sikrast auka bærekraft, både nasjonaløkonomisk og miljømessig. Vi må, bør og skal bli mindre avhengige av olje og inntekter frå den globale finansmarknaden. Det må satsast på fastlandsøkonomien si verdiskaping- og sysselsettingsevne og vi i Oppland og Hedmark er klare!

Bioøkonomi og eit grønt skifte skal sikre verdiskaping i eit klima- og miljøperspektiv, og ta omsyn til naturmangfaldet, bærekraft og verdiskaping lokalt. Det er ikkje berre dei store teknologiane vi treng i denne omstillinga, men også dei småe som kan brukast innanfor landbruket, for små og mellomstore bedrifter og i privathushaldet.

Det er spennande å få vere politikar lokalt, regionalt og nasjonalt om dagen med den omstillinga vi må inn i. Vil vi gjere dei strategisk rette vala? Klarar vi å sjå inn i framtida og satse på dei rette virkemidla som vil gjere framtida til dei etter oss betre?

Her kan du lese hele saksframlegget: http://opengov.cloudapp.net/Meetings/opplandfk/AgendaItems/Details/203318