Meny

Grønt skifte – politisk vilje til handling

Her er Aud Hove sitt innlegg til Senterpartiets landsmøte.

Oljemarknaden, global oppvarming og internasjonalt miljødiplomati skapar aukande press for store omstillingar i norsk økonomi. Vestlandet må få fleire føt å stå på. Innlandet og Nord-Norge må sikrast auka verdiskaping i eksisterande og sikrast utvikling av nye bedrifter. 

Norsk økonomi som heilheit må sikrast auka bærekraft, både nasjonaløkonomisk og miljømessig. Vi må, bør og skal bli mindre avhengige av olje og inntekter frå den globale finansmarknaden. Det må satsast på fastlandsøkonomien si verdiskaping- og sysselsettingsevne. 

Petroliumsøkonomien må bli erstatta av ein miks av bioøkonomi og produksjon av straum frå sol og vind. Motiva er mange, men i tillegg til å redusere klimautslepp og redusere global oppvarming vil ein bioøkonomi med betre handelsbalanse vere mindre sårbar for globale svingingar. Auka bruk av fornybare energiformar og fleire og lenger verdikjeder på eige råstoff i eigen industri gjev auka sysselsetting i eigen økonomi. 

Noreg har naturressursar, kompetanse og økonomisk handlefriheit som med rette strategiske val, kan gje oss ei leiande rolle i det grøne skiftet. Eit grønt skifte som skal sikre verdiskaping i eit klima- og miljøperspektiv, og ta omsyn til naturmangfaldet, bærekraft og verdiskaping lokalt.

Det er ikkje berre dei store teknologiane vi treng i denne omstillinga, men også dei småe som kan brukast innanfor landbruket, for små og mellomstore bedrifter og i privathushaldet. 

Men av ingenting blir det ikkje noko! Vi har ei regjering som snakkar med store ord om grønt skifte, men som ikkje evnar å sjå og forstå at det trengs investeringsvilje!

Vi treng ein aktiv stat som har vilje til investeringskapital utan same krav til avkastning som finansmarknaden krev. Vi treng å investere i ny teknologi og produksjonsliner for å få marknaden i gang og etter kvart bli lønnsam. Vi treng eit statleg grønt investeringsfond!

Der dagens regjering sit stille, er næringsnøytrale og meiner marknaden ordnar opp og lar sentraliseringa gå sin gang, skal Senterpartiet drive offensiv næringspolitikk fordi vi vil at verdiane skal skapast i heile landet.  Vi skal sørge for lønnsomheit i heile verdikjeda, legge til rette for verdikjeder med lange produksjonsliner basert på våre naturressursar innanfor jord- skog- og havbruk. I botnen må bærekrafta ligge; økonomisk, økologisk og sosialt. 

Skal vi ta heile landet i bruk må det politisk vilje til! Det har Senterpartiet!