Meny

Krav til ny Nasjonal transportplan (NTP) 2018-2029

Oppland Senterparti krev at gjeldande NTP for 2014-2023 blir fylgt opp og står ved lag inn mot ny NTP for 2018-2029. Høg ramme må leggast til grunn for NTP 2018-2029

Oppland Senterparti understrekar at dei største samferdselsbehova for Oppland er veg- og jernbaneprosjekt som er nødvendige for å binde saman landsdelar og regionar. Oppland Senterparti krev at vegprosjekt som er satt i gang blir bygd ut og fullført samanhengande.

E6

E6 gjennom Gudbrandsdalen er hovudpulsåra mellom Oslo og Trondheim. Vegen er ein kritisk del av det norske stamvegnettet som er svært viktig for næringslivet. Vi må få ei samanhengande utbygging av E6. Andre byggetrinn på strekninga Ringebu -  Otta må bli fullt ut statleg finansiert, med oppstart 2018/2019, slik føresetnadene for bompengefinansieringa var i Stortingsproposisjon 51.

E16

E16 er den beste hovudvegen mellom aust- og vestlandet både geografisk og økonomisk i kombinasjon med E134. Den er også den mest vintersikre vegen. Utbygginga av E16 med Fagernes - Hande, som vart vedteke i NTP 2014-2023, må setjast i gang i løpet av fyrste fire-årsperiode, det same gjeld for parsellen Eggemoen-Olum i Jevnaker. E16 Kvamskleiva må starte opp tidleg i den nye planperioden. Dette er signal som også må gis til Øst-Vest utredninga i tillegg til NTP.   

Rv4

Utbygging av Roa - Gran-grense inklusiv Jaren - Amundrud ligg inne som bunde prosjekt i forslag til NTP og må sikrast. I tillegg må vegprosjektet utvidast til å omfatte strekninga forbi Lygnasæter. Planlegging av utbygging av fire-feltsveg mellom Gjøvik og Biri må intensiverast. Dette er spesielt viktig for næringslivet som transportkorridor.

Rv15

Nye tunnelløysingar på Rv15 med tunnelarm til Geiranger må inn i NTP for 2018-2029. Dette for å ivareta tunnelsikkerhetsforskrifta og omsynet for trekkruta til villrein som vi har eit internasjonalt ansvar for å ivareta.

Dovrebanen

Det må byggjast vidare på dobbeltspor på InterCity-strekninga på Dovrebanen fram til og med Hamar i 2024 og til Lillehammer i 2027. Det trengs også utbygging av fleire krysningspor på strekninga Lillehammer-Trondheim.

Gjøvikbanen

Gjøvikbanen må byggjast ut med dobbeltsporparseller/kryssingsspor slik at kapasiteten på bana blir betre. Det må setjast i gang planlegging for bygging av dobbeltspor på Gjøvikbanen frå Oslo til Roa/Hadeland for å få redusert køyretid og auka frekvens for persontog Oslo-Hadeland-Gjøvik og auka kapasitet for godstransport Oslo-Bergen.

Senterpartiet går for ei sammankobling av Gjøvikbanen og Dovrebanen som eit viktig tiltak for å utvikle og auke kapasiteten for gods- og persontrafikk på bane.