Gå til hovedinnhold

Kva hadde Gudbrandsdalen vore utan landbruket?

Landbruket har vore sjølve grunnlaget for busetting i Gudbrandsdalen i fleire tusen år og dette går ikkje av moten.

Kjersti Bjørnstad (SP) - komiteleiar Næring, miljø og klima

Aud Hove (SP) - fylkesvaraordførar

Med industriutvikling, ein stadig betre velferdsnasjon og ein stadig betre privatøkonomi endrar også pengestrømmane seg. Likevel er det noko grunnleggande med landbruket som gjev oss mat, pussar kulturlandskapet, held liv i grendene og held jorda og skogen i hevd.

Jordbruksforhandlingane er nå straks igang og det blir spennande å sjå om regjeringa med Landbruks- og matministeren i spissen vil fylgje dei klare råda og krava som Stortinget har satt for landbrukspolitikken.

Stortingsfleirtalet parkerte landbruksmeldinga til regjeringa i haust og slo tydeleg fast at målsettinga var å "redusere inntektsgapet mellom jordbruket og andre yrkesgrupper i samfunnet" og "god markedstilpasning og produktivitetsutviklng vil være en forutsetning  for innteksdannelsen".

Da er det ikkje frislepp av kvoter og overproduksjon som er svaret. Skal landbruket i Gudbrandsdalen overleve treng dei gode rammevilkår, marknadsordningar som regulerer og justere når det krevst og ei utvikling som ikkje aukar gjeldspresset på næringa. Regjeringa har satt Frp ved roret i Landbruks- og matdepartementet og det ser ut til å fortsette. Landbruksministeren har brukt seinvinteren til ein sjarmoffensiv i Gudbrandsdalen, med fleire gardsbesøk og landbrukspolitisk møte på Vinstra.  Korleis Jon Georg Dale kjem til å møte krava frå faglaga i årets jordbruksoppgjør blir ein prøvestein på om han, og regjeringa, lyttar til Stortinget og landbruksnæringa i blant anna Gudbrandsdalen.

Korleis rovviltforvaltninga fungerer er også ein viktig premiss for at det fortsatt skal vere beitedyr i skog og fjell i Gudbrandsdalen som held landskapet ope og blir til fårikål om hausten. Nå har regjeringa overlatt ministerposten i Klima- og miljødepartementet til Ola Elvestuen og Venstre. Vi ser at skog og fjell fort gror att og treng at det blir beita for å halde vegetasjonen nede. Samtidig er kjøt produsert på beite av det mest miljøvennlege kjøtet vi kan produsere.  Også her har Stortinget sterke meiningar om rovviltforvaltninga som regjeringa bør lytte til.

I helga hadde Høgre landsmøtet sitt for 2018 og det var lite å høyre frå Innlandet Høgre om jordbruksoppgjøret og rovviltforvaltning. Sjølv om Høgre ikkje har ministrane i departementa som har ansvar for dette, er det viktig korleis dette blir fronta frå Innlandet.

Det er vel og bra med ei litt tam uttale om breiband i ikkje-kommersielle områder og at hyttefolket er ein ressurs for reiselivet, men vi treng eit sterkt landbruk, meir vidareforedling av råvarer, produksjon og industri basert på bioøkonomi og det grøne gullet frå skogane våre. Vi treng ei regjering som ser kva ressursar og kvalitetar Innlandet har innanfor bioøkonomi og der må Innlandet Høgre sterkare på banen enn dei viste under landsmøtet sitt i helga!

Utan nettverket av gardar og skogteiger i drift i kvar krik og krok hadde heller ikkje Gudbrandsdalen vore så attraktiv for reiselivet og hytteturisten. Hanne Velure (H) spurte retorisk før landsmøtet "Hva hadde Gudbrandsdalen vært uten hytteutbygging?". Derfor svarer vi med samme retoriske spørsmål "Kva hadde Gudbrandsdalen vore utan landbruket?" Svaret der er "Ingenting".