Meny
Bli medlem
Nominasjon til vallista ved  Stortingsvalet i 2021

Nominasjon til vallista ved Stortingsvalet i 2021

Publisert: 08.09.2020

Nominasjonskomiteen i Oppland Senterparti legg fram dette forslaget for nominasjonsmøtet:

  1. Marit Knutsdatter Strand, Øystre Slidre
  2. Bengt Fasteraune, Dovre
  3. Kjersti Bjørnstad, Gjøvik
  4. Torleik Svelle, Lillehammer
  5. Aud Hove, Skjåk
  6. Ola Tore Dokken, Nordre Land
  7. Bergljot Oldre, Vang
  8. Asbjørn Stensrud, Lillehammer
  9. Marit Sletten, Lom
  10. Abdullahi Nageye, Gjøvik
  11. Linda Mæhlum Robøle, Etnedal
  12. Pål Arne Oulie, Gran

Nominasjonskomiteen si innstilling er samrøystes.

Komiteen har lagt lokallaga sine innspel til grunn for sitt forslag. Oppland Senterparti sine lokallag har, i nominasjonsprosessen sine to høyrings-rundar, vore tydelege i si støtte til dei fremste kandidatane på liste-forslaget.

Marit Knutsdatter Strand og Bengt Fasteraune er begge inne i si fyrste periode som stortingsrepresentantar, og nominasjonskomiteen er glad for at desse to har brei støtte i partiorganisasjonen. Dei har begge to markert seg som tydelege og gode representantar for Oppland Senterparti sine veljarar, og dei har på ein god måte markert seg som nasjonale politikarar. Det er viktig for norsk politikk at desse kan halde fram med sitt arbeid i fire nye år.

Oppland Senterparti har ei målsetjing om tre representantar på Stortinget, og Kjersti Bjørnstad vil med si breie politiske erfaring kunne gi Senterpartiet mange nye veljarar, i alle delar av valdistriktet.

Torleik Svelle og Aud Hove har også fått stor oppslutning frå lokallaga, og med desse som dei  neste kandidatane på lista vil Oppland Senterparti ha svært dyktige kandidatar til vararepresentantar.

Dei fem fyrste kandidatane har alle brei politisk erfaring frå Senterpartiet sin partiorganisasjon og frå folkevalde organ, frå kommunestyre til fylkesting og Stortinget. For komiteen har det vore avgjerande  at kandidatane har god kjennskap til det politiske arbeidet ute i kommunane, og at det vil vera lett for veljarane å ta kontakt med dei om viktige lokale saker.

Komiteen har i si innstilling lagt vekt på at alle delar av fylket skal vera representerte på toppen av lista. Både Valdres, Gudbrandsdalen og Vest-Oppland har difor representantar mellom dei tre fremste kandidatane på forslaget. Heile forslaget sett under eitt er alle regionar i Oppland Senterparti godt representerte. Både når det gjeld kjønn, alder og bakgrunn speglar lista Opplandssamfunnet godt.

Nominasjonskomiteen er trygg på at alle kandidatar som er foreslått vil vera svært gode nasjonale ombod for veljarane i Oppland i neste valperiode.

Olav Røssum, leiar i nominasjonskomiteen.