Meny
Marit_Bengt_Aud

Resolusjonskomiteen

Resolusjonskomiteen for fylkesårsmøtet 2021 er satt ned og dei vil minne om at lokallag må sende inn resolusjonsforslag innan fristen 29. januar 2021. Resolusjonsnemnda består av Aud Hove (leiar), Kjetil Ulset, Frode Rolandsgard, June Emilie Åsenden, Kristen Dagsgard og Frøydis Barstad saman med Kristin Amrud, Senterungdommen, og Borgny Sletten, Senterkvinnene. ​​​​​​​

Årsmøtet i Oppland Senterparti er eit av dei viktigaste politiske møta, både i Senterpartiet og i Innlandet. Vi ynskjer og skal sikre eit regjeringsskifte hausten 2021. Derfor er det viktig at fylkesårsmøtet gjer gode vedtak, slik at Senterpartiet sin politikk blir synleg, slik at vi får gode politiske debattar og slik at Senterpartiet kan få gjennomslag for sin politikk.

«Vi ber om at medlemmane våre sender inn resolusjonar om tema som dei er opptekne av og som dei ynskjer at Marit, Bengt og vi i Oppland Senterparti skal jobbe for inn mot Stortinget og inn i den nye regjeringa som vi ynskjer å vere ein del av etter valet i haust», seier Aud Hove.