Senterpartiet i Hedmark og Oppland er nå i gong med programarbeid og nominasjonsarbeid før fylkestingsvalget i 2019. Per Martin Sandtrøen frå Hedmark leiar programarbeidet og Ivar Odnes frå Oppland leiar nominasjonsarbeidet.
Odnes og Sandtrøen ser fram til å starte arbeidet, og har høge ambisjonar. Senterpartiet skal nå setja i saman eit program og ei fylkestingsliste som skal sørge for at det nye fylke for Hedmark og Oppland skal vera organisert og styrt med bakgrunn i Senterpartiet sin politikk og haldning om nærleik til tenester og tilbud, seier de to. Senterpartiet vil styrke folkestyre i det nye fylket, difor er det viktig å synleggjera heile det nye fylket i vårt program og fylkestingsgruppe.
Senterpartiet har ambisjonar for å søkje makt i det nye fylket og eit sterkt Senterparti i Hedmark og Oppland for å bidra til arbeidsplasser, tenester og gode liv over hele Hedmark og Oppland. Vi vil vera garantien for at heile fylket skal tas i bruk.
Senterpartiet skal gjennom fleire høyringsrundar også sørge for at heile partiorganisasjonen blir delaktige i arbeidet med nominasjon og program
Fylkestingslista vedtas på nominasjonsmøtet 25. november
Fylkestingsvalprogrammet vedtas på fylkesårsmøtet 2.-3. mars