Meny

Solide bankar i heile landet

Senterpartiet vil at folk skal kunne bu, arbeide og leve gode liv i heile Norge. Solide bankar i heile landet er avgjerande for å bidra til dette. Nye reglar frå Finanstilsynet gjer bustadbygging i distrikta dyrare og undergrev dei lokale bankane. Senterpartiet er sterkt ueinig i dei nye reglane. Vi vil tvert om styrke dei lokale bankane og legge betre til rette for bustadbygging i heile landet.

Den lokale banken kjenner lokalmiljøet, næringslivet, organisasjonar og kommunane den ligg i. Dei møter sine kundar fysisk, men er samtidig tilgjengeleg via nett som andre større bankar. Den lokale banken har derfor stor tillit blant innbyggarane og kan fort ta ei risikovurdering av ei lokal bedrift fordi dei kjenner til historikken og folket. Den lokale banken inneberer også svært viktige kompetansearbeidsplassar for distrikta.

Sparebank 1 Lom og Skjåk er eit godt døme på dette. Visjonen til banken er «Lokalbanken din – der du er!» Samstundes er banken eit godt alternativ for langt fleire enn dei lokale kundane og Senterpartiet nasjonalt har over mange år brukt Sparebank 1 Lom og Skjåk som vår bank.

I desember gjekk Finanstilsynet ut med melding om at dei mindre bankane får større eigenkapitalkrav ved utlån til bustadbyggingsprosjekt. Lån til bustadbygging vil framover kreve 50 prosent meir eigenkapital enn i dag for dei mindre bankane, medan store nasjonale og internasjonale bankar slepp unna dei nye krava. Dette meiner vi er sterkt konkurransevridande. Sidan eigenkapital er dyrt å skaffe til veie, blir lån som krev mykje eigenkapital også dyrare.

Dei nye reglane vil også hemme utvikling i distrikta. I desse områda er det oftast dei mindre bankane som tilbyr finansiering av bustadbyggingsprosjekt og det vert dermed dyrare å finansiere desse prosjekta. Rekninga for den auka kostnaden vil hamne hos dei som skal kjøpe seg bustad i distrikta.

Dersom ei bedrift i distrikta treng kapital for å vidareutvikle seg eller investere treng den finansiering. Dei lokale bankane vil ofte samarbeide med virkemiddelapparatet, som Innovasjon Norge eller andre. Den lokale banken har lokal kunnskap og kjennskap og vil vere eit viktig bindeledd og vere rådgjevar med finansieringsplan. Dersom bedrifta må reise to til tre timar for rådgjeving vil det gjerne føre til at denne kontakta kunn vil skje via internett.

Ei anna utfordring kan vere ei bedrift som er på leit etter å etablere seg. Da vil valet fort bli å gå til ein større bank med mindre kapitalkrav og etableringa vil lett bli i sentrale strøk.

Norge har i dag med sine solide lokale bankar, eit godt utgangspunkt. Dette kan bli sterkt svekka om ein ikkje sikrar dei mindre bankane like konkurranse- og rammevilkår som dei store.

Skal vi utvikle og ta heile landet i bruk må innbyggarane og næringslivet i heile landet ha lik tilgang til kapital og like moglegheiter. Småe og mellomstore bedrifter er svært viktige for næringslivet i distrikta, og slikt sett ein føresetnad for vidare vekst hos desse.

Aud Hove (SP) fylkesvaraordførar Innlandet fylke

Sigbjørn Gjelsvik (SP) Finanskomiteen Stortinget