Meny
Bli medlem

STORTINGET SINE MÅL FOR JORDBRUKET MÅ FØLGJAST OPP

Sist endret: 19.09.2017 #Oppland

Jordbruket er ei av de næringane som gir størst ringverknader i Oppland. Jordbruket leverer råvarer til vår største fastlandsindustri, det sikrar vår matvareberedskap og det er avgjerande for kulturlandskapet. Store delar av anna næringsliv er avhengige av å levere tenester og varer til jordbruket.

Produksjon av trygg norsk mat krev at jordbruket har rammevilkår som gir lønsevne på linje med andre grupper. Rammevilkåra for norsk jordbruk blir til vanleg fastsette i forhandlingar mellom jordbruket og regjeringa, med grunnlag i Stortinget sine langsiktige mål for utviklinga av det norske jordbruket.  


Stortinget vedtok i april ei ny jordbruksmelding, med nye mål for norsk jordbruk. Eitt av desse er at forskjellane i lønsevne i forhold til andre grupper skal bli mindre. Ungdom må sjå at jordbruket er ei næring med grunnlag for gode økonomiske resultat. Det er heilt nødvendig for å sikre rekruttering til jordbruket.


For at det skal kunne skje må det til ei stor endring i jordbruket sine rammevilkår. Prisar og tilskot må koma opp på eit nivå som gjer det mogleg å skape eit større økonomisk overskot på gardar over heile landet. Særleg er det viktig at dei økonomiske vilkåra for små og mellomstore bruk blir styrka.


Det er regjeringa si plikt å rette seg etter Stortinget sine vedtak, men regjeringa gjer dessverre ikkje det i denne saka. Sjølv om Stortinget vedtok den nye jordbruksmeldinga dagen før forhandlingane om ei ny jordbruksavtale starta, vil ikkje regjeringa følgje opp Stortinget sine vedtak. Regjeringa vil ikkje inngå ei avtale som reduserer forskjellane i forhold til andre grupper. Det vart difor brot i forhandlingane om ei ny jordbruksavtale, og Stortinget må nå vedta jordbruket sine rammevilkår for perioden 2017-2018. 


Fremskrittspartiet sin landbrukspolitiske talsmann, Morten Ørsahl Johansen, hevdar at jordbruket sine krav er motiverte av at Senterpartiet skal få auka oppslutning. Dette viser tydeleg at regjeringa ikkje forstår kor alvorleg situasjonen nå er for norsk jordbruk.


Oppland Senterparti støttar Stortinget sine langsiktige mål for norsk matproduksjon. Desse må nå følgjast opp med praktisk handling. Stortinget må sikre jordbruket ei inntektsutvikling i samsvar med dei måla som Stortinget sjølv har vedteke, når proposisjonen om jordbruksforhandlingane skal behandlast i juni. 

Oppland Senterparti forventar at fleirtalet på Stortinget, som vedtok jordbruksmeldinga i april, står saman med Senterpartiet om dette. Det vil vera uforståeleg om politiske parti endrar standpunkt i ei så viktig sak, i løpet av nokre få veker. 

 

Fylkesstyret i Oppland Senterparti,

Bengt Fasteraune

Denne artikkelen ble først publisert 01.06.2017