Meny

Minneord om Hans Krogstad

-ordførar for Senterpartiet i fem perioder

Vi i Skjåk har mykje å takke politikar Hans Krogstad for, og heilt til det siste var han oppteken av politikk og kommunen sitt årsresultat og hadde sine meiningar om både lokal og nasjonal politikk. Hans var ein kar som var engasjert og klartenkt, ein som var "fræmst i skræom" og ein kar vi har lært  mykje av. Blant anna det  å ikkje gje seg, ta politisk ansvar og tak og å  skjera igjennom. Han var samstundes svært prinsippfast på at ein ikkje skulle ha noko personleg vinning av vedtak som vart gjort.

Hans var kjent som ein aktiv gardbrukar og samfunnsbyggar før han byrja i politikken. Han starta opp og dirigerte hornmusikken for Lom og Skjåk, Sanitetssjef i Heimevernet i Skjåk og Lom, han hadde lavinehund og var aktiv i hjelpekorpset. Saman med Kari, kona si, bygde han opp gardsdrifta og var ein aktiv part med leiande verv i Svinavlslaget lokalt, på fylkesnivå og nasjonalt. Svineavlslaget vart etablert i Skjåk i 1953 som det fyrste i Norge og var resultat av godt kvalitetsarbeid og samarbeid , dette vart seinare Norsvin. . Han var også formann i styret i Lom og Skjåk Ysteri ei periode. Det var sterke krefter som ville flytte dette grenseysteriet den gongen, men Hans var med og arbeide aktivt mot det. Hans var ein aktiv jeger og friluftsmann, og var oppteken av Skjåk Almenning og god forvaltning av villreinstamma. Kunnskapen og erfaring frå dette skulle kome godt med i hans politiske virke.

Hans Krogstad var ordførar i åra 1972-1983 og 1995-2003, siste periode som Opplands eldste ordførar. Han sat også i fylkestinget på 1970-talet. Gjennom sine periodar som ordførar merka han korleis samfunnet forandra seg og korleis ordførarrolla endra seg. Frå å vere ein ordførar med ein liten administrasjon der kona Kari ofte trådde til som sekretær, til å bli ein ordførar med eit større mangfald av tenester og eit større og større byråkrati med statlege pålegg og forskrifter.

Hans var innstilt på samarbeid både lokalt og regionalt, men samstundes svært oppteken av å fordele tenester mellom kommunane framfor sentralisering. Fira ikkje på sak, men tok likevel med seg andre og involverte dei i arbeidet med planar og avtaler. Når det var tid for å roe ned ei sak eller å lande ei sak som det kanskje ikkje var heilt semje om, var standardreplikken frå Hans: vel, vel.

Da planane kom om å kjøpe opp Bismo for å etablere eit kommunesentrum var det stor skepsis og usemje. Ordførar Krogstad skar igjennom og sa at dette var så god investering at han kunne pantsette garden for det. Det vart fleirtal for oppkjøp av Bismo, og det er grunnlaget for at vi i dag har eit sentrum i Skjåk og heile grunnskuleløpet i eiga kommune. Skjåkhallen var det òg strid om, men Hans var også her framsynt og fekk på plass idrettshall og 25 meters svømmebasseng. Dette er vedtak som har stått seg godt for ettertida.

Gode helsetenester fekk vi, og i 1974 vart det både heimesjukepleie og eiga distriktslegekontor i Skjåk. Vaktsamarbeid med Lom, men eigen distriktslege i Skjåk. Heimesjukepleia var av dei fyrste i Oppland og eit nybrotsarbeid som Hans i samarbeid med Rannveig Øverøyen bygde opp . I dag ser vi kor viktig og riktig denne satsinga var. Industrien skaut fart og vart ein viktig del av næringslivet i Skjåk. Noko Hans såg på som særs viktig å legge til rette for.

Mange av oss kjenner Hans Krogstad frå vasskraft og Øvre Otta utbygginga. Han var ein forkjempar for at det skulle vera att mest mogleg lokalt av verdiane frå vassdragsutbygging, og var aktiv i forarbeidet med Dovrefjellplatået, seinare Landssamanslutning for Vasskraftkommuner, LVK. Dette har vore og er framleis ei viktig samanslutning for verdiane i vasskraftkommunar.

Øvre Otta var ein lang kamp, med omfattande endringar av dei fyrste planane. Eit av mange miljø-omsyn var villreinstamma, her fekk Hans nytte av erfaring og kunnskap, og på synfaring med helikopter fekk han stadfesta for dei andre at reinen oppheld seg under kraftlina og lot seg ikkje merke med dette. Fyrst kom eit avslag i Øvre Otta, det var ein stor skuffelse. Men etter iherdig innsats, der Hans samarbeidde godt både i eiga parti og med andre , kunne ordførar Krogstad fyre av den fyrste dynamittsalva den 17. oktober i 2002.  Hans argumenterte for utbygging for å sikre varige inntekter til Skjåk, for å utvikle bygda og lokalsamfunnet. Han var klar på å få mest mogleg lokalt både under byggeperioden og for verdiane i etterkant og derfor kjøpte Skjåk kommune seg inn i Øvre Otta med 7 % eigarskap. Næringsfondet som Skjåk har i samband med kraftutbygginga har vore særs viktig for næringslivet i Skjåk. Mange fekk erfare at Hans var god i hovudrekning, og hadde resultatet ferdig før andre fekk tasta tala på kalkulatoren. Her hadde han sterke kort i forhandlingar.

På 1990-talet kom også dei store verneplanane for fjellområda våre på høyring og Hans var også her sterkt engasjert. Han målbar tydeleg skepsisen til Reinheimen og Breheimen fordi han meinte at det kunne føre til større ferdsel innover i fjellet som kunne forstyrre villreinen. Samstundes meinte han at Skjåk Almenning, som største private grunneigar i Norge, saman med bygdefolket hadde skjøtta fjellområda godt og kunne få fortsetja med det.

I 2004  fekk han kongens fortenestemedalje i gull og han fekk også Skjåkprisen for sin framifrå måte å løfte fram bygda si på.

Hans fekk 87 innhaldsrike år og vi minnast han som ein markant ordførar som tok plass, var klartenkt, framsynt, standhaftig og handlekraftig og oppteken av lokal verdiskaping og utvikling. Hans sa det han meinte og meinte det han sa.

Vi heidrar Hans sitt minne.

Skjåk Senterparti