Meny

Denne valkampen har handla om Senterpartiet

Av Vidar Nedrebø, fylkesleiar i Rogaland Senterparti

Når parti eller politikarar etterlyser ein meir praktisk skule,  då hugsar alle at dette høyrte ein fyst hjå Senterpartiet.

Når helsevesenet åtvarar om antibiotikaresistens og overforbruk av medisin i importert mat, då tenker ein løysingane ligg hjå Senterpartiet.

IMG_3587.jpg

Når kampen står mot nedbygging av matjord og Noreg sitt potensiale til å produsere eigen mat, då veit alle at dei som står på for jordvern er Senterpartiet.

Når politikarar protesterer på lærarmangel, avskilting av verdifulle lærarkrefter og håplause krav i skulen, då hugsar alle at den kampen alltid har blitt kjempa av Senterpartiet.

Når lensmannskontor vert nedlagt medan brannvesen og lokale sterke gutar må stille opp i naudssituasjonar, då lyttar folket til Senterpartiet.

Når landbruket gjer opprør mot luselønn for produksjon av det mest essensielle, nemleg mat, då trøystar alle seg med at det snart kjem ei ny regjering med Senterpartiet.

Når fødeavdelingar og sjukehus vert sentralisert vekk frå dei som er gravide og sjuke, då nikkar alle når bunadsgeriljaen seier neste helseminister kjem frå Senterpartiet.

Når dei andre partia brukar ord som distrikt og heile landet, då bygger dei opp om Senterpartiet.

Når regjeringa og Ap har gitt frå seg makta over dei norske kraftressursane til EU gjennom ACER, då må straumprisane ned og kontrollen tilbake med eit sterkt Senterparti.

Når kommunane må stramme inn og nedprioritere skule og helsetilbod grunna svak økonomi, då kjem alle på at det partiet som gir mest pengar til kommunane i sine budsjett er Senterpartiet.

Når kommunar, fylke, skular, helseteneste, politi, studiestader, tingrettar, NAV-kontor, sjukehus, beredskap, landbruk, skattekontor; ja heile landet vert sentralisert.

Når både bygda, distriktet, Groruddalen og landet brøler etter ein ny regjering, då sett ein si lit til Senterpartiet.

Men no handlar det om å stemme.