Av Lisa Marie Ness Klungland, Senterpartiet i Rogaland
Me er blant dei mest likestilte landa i verda, men ein av mange innfallsvinklar når ein studerer kjønnslikestilling er fordelinga av økonomiske ressursar. I høve 8. mars og kvinnedagen er det aktuelt å sjå på kor langt me er kome i likestillinga i Noreg og Rogaland.
Har me framleis skilnadar i fordelinga av økonomiske ressursar? Av dei samla yrkesinntektene i Noreg i 2018, mottar kvinner berre 39 %. Av kapitalinntekt mottar kvinner omtrent 20 milliardar i 2018, medan menn mottar 63 milliardar kroner. Flest menn har store kapitalinntekter. Ein ser at kvinner sparar pengane sine, medan menn investerer. Menn har likevel samla større summar på sparekonto. I Rogaland finn me dei største skilnadane, kvinner tente i 2020 82,9 % av det menn gjer. Summen av dette gjev ein større økonomisk skilnad.
Det finst mange ulike grunnar. Me er blant landa med størst del deltidsarbeidande kvinner. Blant anna jobba over dobbelt så mange kvinner som menn deltid. Dette medfører naturlegvis skilnadar i løn. Mykje av skilnadane mellom kvinner og menn når det gjeld inntekt, skuldast ulike forhald ved arbeidslivet. Me har eit kjønnsdelt arbeidsliv, og me i Senterpartiet vil endre dette.
Val av deltid er i fleire tilfelle av eige ønske, blant anna grunna familieøkonomi og eit kulturelt mandat som legitimerer arbeidstidsreduksjon og tilbaketrekking frå arbeidsmarknaden for kvinner. At det oftare er kvinna enn mannen som går ned i stilling, har nok òg noko å gjere med tradisjonelle forventningar til kvinnerolla og morsrolla. Senterpartiet ønsker å legge til rette for ein heiltidskultur i arbeidslivet. Alle som ønsker det, bør få tilbod om heiltidsstilling.
Kvifor er det viktig at ein set fokus på skilnadane i fordelinga av økonomiske ressursar? Ein kan blant anna risikere å gjere seg økonomisk avhengig av ein partner og ein kan vente seg lågare pensjonsutbetalingar. For å oppnå kjønnslikestilling må kvinnene kunne ha økonomisk fridom i like stor grad som menn. Senterpartiet skal vere ei klar stemme for like rettar for kvinner og menn.