Meny
2017 I barnehagen

Forebygging er betre enn reparasjon i skule og barnehage

Hanne Marte Vatnaland, Fylkespolitikar for Senterpartiet, Ålgård

Perspektivmeldingen peiker på utanforskap som ei av dei største utfordringane samfunnet vårt står ovenfor. Då hjelper det lite å vedta eit mål om kor mange som skal fullføre vidaregåande slik Høgre går til val på. Det må forebyggast tidleg, og det må settast inn ressursar. Vi i Senterpartiet meiner likevel det vil koste meir å la være.

Med valkamp kjem både store lovnader og forventningar til kva skule og barnehage skal utrette. Utfordringen er når desse ikkje står ikke i stil med pengesekken til kommunen. Kommunane treng større handlingsrom for å yte gode tjenester nær folk heile Noreg. Det handler om det aller viktigste for folk, at det er nok vaksne på skulen som ser, nok trygge fang i barnehagen, nok varme hender som har tid på sjukeheimen.

Det handler å skape handlingsrom til å forebygge i staden for å reparere. Hjå elevar som fell ut av videregående vil ein i mange tilfeller sjå at mykje kunne vore gjort endå tidlegare. Barnehagetilsette og tidlege barneskulelærarar vil i fleire tilfeller seie at dei har sett at dette barnet trong tettare oppfølging heilt frå starten av. Likevel har ein ikkje hatt ressursar til å gjere nok. Så går tida og åra, utan at innsatsen har vore tidleg nok, eller stor nok, og for det barnet, den ungdommen, og etterkvart den vaksne blir følgane katastrofale, men kunne i mange tilfeller vore unngått.

Fordi Noreg bruker svært mykje ressurser på tiltak som skal “reparere” unge mellom 15-20 år. Vi bruker ein stad mellom 60-70 milliardar årleg på tiltak for unge som allereie har strevd altfor lenge. 0,14% av den summen bruker vi på forebygging i den tida vi har størst påvirkningsvindu i barns utvikling, altså i barnehage og tidleg i grunnskulen.

Senterpartiet meiner ei forsterka oppfølging i barnehage og grunnskule vil bidra til at fleire klarer å fullføre vidaregåande opplæring. Vi går til valg på ein snuoperasjon i ressursbruken i heile utdanningsløpet for å hindra fråfall og utanforskap, til både samfunnet og enkeltindividet sitt beste.

 

Leserinnlegg publisert Gjesdalbuen 8.september 2021