Meny
2020 Tog på vei inn til Hjerkinn stasjon, Dovrebanen, Oppland

Go Ahead skal ikkje styre kvar elevane i Dalane går på skule

Lisa Marie Ness Klungland, Senterpartiets andrekandidat til Stortinget

Ungdom i Dalane treng gode kollektivtilbod for å ha eit reelt valg om kor dei vil gå på skule.

I Dalane Tidende les vi om buss for tog i realiteten ikkje er eit alternativ for elevar på vidaregåande skule, fordi dei kjem ein time for seint.
I staden må foreldre bringe og hente elevane til skulen kvar dag, sjølv om skuleskyss faktisk er fylkeskommunen sitt ansvar.

Problemet er at regjeringa har privatisert jernbanen.

Elev Christiane Skulevold Østrem seier dette har gått så langt som å bestemme kva skule ho byrja på, og valde difor internat i staden for musikklinja i Sandnes.
Dette er eit heilt hårreisande døme på korleis privatiseringspolitikken gir dei reisande eit dårlegare tilbod. 
Senterpartiet vil ha ein statleg regulert jernbanesektor, fordi Go Ahead er den siste som skal bestemme kor elevane i Dalane kan gå på skule.

 

Leserinnlegg Dalane Tidende, publisert 7.sept 2021