Meny
hmstortinget

Kommunane treng større handlingsrom for å yte gode tjenester nær folk

Det handler om det aller viktigste for folk, at det er nok vaksne på skulen som ser, nok trygge fang i barnehagen, nok varme hender som har tid på sjukeheimen. Det sa Senterpartiets Hanne Marte Vatnaland i Stortinget sin debatt om revidert budsjett. Under finn du Hanne Marte sitt innlegg. 

Takk president

I dag er eg så heldig å få møte som vara i Stortinget. Til vanleg, president, er eg litt superhelt, for eg jobber med barn og unge i Gjesdal kommune.

Og eg veit, at der blir ytra store forventninger og målsettinger til kvalitet på det eg gjer frå denne talerstolen.

Utfordringen er når desse ikkje står ikke i stil med rammene i kommuner og fylkeskommuner. Det handler om det aller viktigste for folk, at det er nok vaksne på skulen som ser, nok trygge fang i barnehagen, nok varme hender som har tid på sjukeheimen.

Det handler om å kunne forebygge istaden for å reparere. Perspektivmeldingen, president, peiker på utanforskap som ei av dei største utfordringane i samfunnet vårt, og utanforskap, det må forebyggast tidleg.

Hjå elevar som fell ut av videregående vil ein i mange tilfeller sjå at mykje kunne vore gjort endå tidlegare. Barnehagetilsette og tidlege barneskulelærarar vil i fleire tilfeller seie at dei har sett at dette barnet trong tettare oppfølging heilt ifrå starten av. Men ein har ikkje hatt ressursar til å gjere nok. Så går tida og åra, utan at innsatsen har vore tidleg nok, eller stor nok, og for det barnet, den ungdommen, og etterkvart den vaksne blir følgane katastrofale, men kunne i mange tilfeller vore unngått.

Fordi Noreg bruker svært mykje ressurser på tiltak som skal “reparere”, for å forenkla det, unge mellom 15-20 år. Meir spesifikt bruker vi 60-70 mrd årleg i Noreg på tiltak for unge som allereie har strevd altfor lenge. 0,14% av den summen bruker vi på forebygging i den tida vi har størst påvirkningsvindu i barns utvikling, altså i barnehage og tidleg i grunnskulen.

Vi som samfunn er nødt til å gjere tidenes snuoperasjon i den ressursbruken, både for samfunnet, men ikkje minst for det enkelte barn si framtid. Vi har ikkje noko valg.

Eg er derfor glad for at Senterpartiet i sitt alternative budsjett foreslår å styrke kommunene med 3 mrd ekstra, og 1,6 mrd ekstra til fylkeskommunene. Fordi, president, vi kan ikkje lenger fortsette å effektivisere på utdanning og omsorg. Det vil i så fall bli frykteleg dyrt.

Takk.

202758385_788979681815427_643936492911673893_n.jpeg