Meny

Lærarmangel med høgrepolitikk

Hanne Marte Vatnaland. Lærar og 2.kandidat

Noreg kjem til å mangle tusenvis av lærarar innan få år. Likevel har regjeringa satt i gong tiltak som gjer at færre utdanner seg som lærar, i tillegg til at me avskiltar deler av utdanningsstyrka me allereie har i dag. «Kvalitet framfor kvantitet» seier Høgre. «To tankar i hovudet på ein gong» svarar Senterpartiet.

Senterpartiet er det einaste partiet på Stortinget som ikkje meiner det er hensiktsmessig å utvide lærerutdanninga med eit ekstra år til å bli ei masterutdanning. Me meiner meir praksis i utdanningsløpet samt etterutdanning er viktigare for læraren si eiga utvikling.

Regjeringa har også bestemt at framtidige lærarar ikkje skal ha lågare karakter enn 4 i matte frå vidaregående. Ein byrjar dermed i gal ende, for begava studentar med høgt karaktersnitt let seg ikkje freiste av lærerutdanninga. Sjølvsagt må yrket opp og fram, men i mellomtida har me inga luksusproblem slik regjeringa ser ut til å tru. Me har ikkje råd til å neste år nok ein gong stengje ute studentar som kunne ha utdanna seg til å bli gode, kompetente krefter i utdanningsstyrka, sjølv om dei hadde ein 3ar i matte.


Alle er for at læraren skal ha relevant kompetanse i det han eller ho underviser i. Skilnaden på god og dårlig politikk, er avgjerda om tilbakeverkande kraft. Senterpartiet var det einaste partiet på Stortinget som stemte mot denne avskiltinga av over 30.000 norske lærarar. I praksis vil det seie, at lærarar som i dag underviser enkelte fag ikkje lenger får lov til det på tross av at dei sjølv ønsker vidarekursing! Årsaka til denne effekten er at det er kommunen som må ta seg råd til å sende lærarar på kurs, og kommunen som vart stilt til ansvar for dei prioriteringane ein gjer. - Og vips, så vart det heile brått eitt spørsmål om kommuneøkonomi


Ei viktig Senterpartisak har vore auka lærartettleik, slik at lærar skal få meir tid til kvar enkelt elev. Dette er meir kritisk enn nokon gong med det dramatiske lærarbehovet me står overfor i framtida. Morgonsdagens lærarar skal være betre rusta enn nokon gong, med frihet til å ta ansvar for å utføre arbeidet sitt på best mulig måte. Det vart vanskeleg med tomme kateter.