Meny
artikkel5

Me er opptekne av trygg og god mat

Me er opptekne av kva maten me puttar i munnen inneheld, og det er ein av grunnane til at me meldte oss inn i Senterpartiet.

Av Lisa Marie Ness Klungland, andrekandidat Rogaland Senterparti og Johannes Bakke, fungerande fylkesleiar i Rogaland | Senterungdom

Matproduksjonen i Noreg er godt regulert, noko som gjer at me veit at det er lite bruk av antibiotika i maten, at dyrevelferda er god, at det er lite bruk av sprøytemiddel og at me har få genmodifiserte plantar i omlaup. Det er òg sjeldan skjult sukker eller saltinnhald i maten. I land over heile verda ser ein lite regulert matproduksjon, som resulterer i at det er vanskeleg å vite kva maten inneheld. Merking av matvarene er difor viktig. Me som handlar maten i butikkane må få moglegheit til å velje den maten me veit er trygg, slik er det diverre ikkje alltid i dag.


Antibiotikaresistens er ein global utfordring. Utvikling av nye typar antibiotika har nærast stoppa opp, noko som gjev få behandlingsalternativ når kjende antibiotika ikkje verkar. Risikoen er at det i framtida kan bli svært vanskeleg å behandle bakterieinfeksjonar som ein i dag ser på som ufarlege. Ei framtid utan effektive antibiotika er ein trugsel mot moderne medisin. Den viktigaste årsaken til antibiotikaresistens er overforbruk hos menneske og dyr. Her i landet veit me at det er lite bruk av antibiotika, både i landbruk og havbruk. Dette gjev mindre sannsynlegheit for at me får i oss antibiotika via mat.


For oss som er oppteken av trygg mat, er det viktig å følgje med på jordbruksoppgjeret og #bondeopprør. Det høyrest kanskje tungt og kjedeleg ut, men det er her ein legg grunnlaget for om me har like trygg mat i framtida. Det å drive med matproduksjon krev mykje investeringar og drifta har f leire kostnadar.

Inntektsgrunnlaget matprodusenten har for å kunne betale for desse investeringane og kostnadane blir bestemt under dette oppgjeret. Og som me veit, for å få budsjettet til å gå opp må inntektene samsvare med kostnadane. Norske matprodusentar er stolte av faget sitt, og maten me får i Noreg gjenspeglar dette. 

Senterpartiet har i alle år vore den tydelegaste politiske stemma for trygg og god mat. Me har vist at me ser viktigheita av at matprodusentane har gode vilkår, at dei får inntekter som samsvarar med kostnadane dei har. Me har vist at me ønsker å legge til rette for at det er små og mellomstore bruk i heile landet, med dyr som beitar i utmark, der ein kan ha ein nær og teitt oppfølging av dyra sine. Dagens regjering har sådd usikkerheit, ved å ikkje prioritere dette og ved ønsket om å importere mat frå blant anna land som treng maten sin sjølv.

For at me skal kunne fortsetje å ha trygg og god mat er me avhengige av innsats hos fleire. Me treng ein stat som er villig til å satse på gode vilkår for matprodusentane. Me treng restaurantar og kafear som støttar opp om norsk mat, og daglegvarebutikkar som tek inn varer frå andre matprodusentar. Den viktigaste er likevel oss som et mat og som er oppteken av kva me puttar i munnen. Fordi det er me som kan vise kva me er oppteken av. Så kjøp norske grønsaker, frukt og kjøt, og vis at det er me som bestemmer.