Meny

Nominasjon fylkestingsvalget

Nominasjonskomiteen til Rogaland Senterparti er klar med sin innstilling til fylkestingsliste og innstiller ikkje uventa sittande gruppeleiar for Senterpartiet Arne Bergsvåg som Fylkesordførarkandidat.

Det er stor støtte frå lokallaga for Bergsvåg som fylkesordførarkandidat. Bergsvåg, som opprinneleg er byggmeister, kjem frå Vindafjord kor han var ein svært populær ordførar i fleire periodar. Bergsvåg er nå gruppeleiar for Senterpartiet i fylkestinget og leiar av samferdselsutvalet

Som nummer to på lista innstillast Hanne Marte Vatnaland frå Gjesdal. Vatnaland arbeider som lærar og er 1.vara til stortinget og møter som fast vara i fylkestinget. Som nummer tre på lista innstillast Jarle Bø frå Randaberg, Bø arbeider til vanleg som næringssjef i Hå.  

 

Det har vært eit stort engasjement i lokallaga, og nominasjonskomiteen har fått innspel frå alle lokallaga.

 

Leiar av nominasjonskomiteen Odd Arild Kvaløy er svært nøgd med engasjementet i organisasjonen og det endelege listeforslaget. 

 

Me meiner at me innstiller på ei svært solid og god liste med mange dyktige kandidatar. Denne lista sikrar ein god balanse av ulik kompetanse, alder, kjønn og geografi. Vi er svært nøgd med at vi har så mange dyktige kandidatar som ønsker å stå på lista og gjere ein innsats som folkevald for heile fylket.   
 

Arne Bergsvåg som er innstilt på førsteplass på listen er fornøyd og stolt over å bli innstilt som fylkesordførerkandidat.

 

Eg er stolt over å vera innstilt på førsteplass på fylkestingslista, og er klar til å arbeida for  Senterpartiet sine saker og gode tjenester nær folk. Gode vidaregåande skular i heile fylke og ei satsing på trafikksikkerhet. Utbygging av breiband og betre veier, slik at det er ei positiv utvikling i heile Rogaland.
                                                                                                               

 

Heile lista på 53 namn vil nå sendast ut til alle utsendingar til nominasjonsmøte som skal haldast den 24.november kl. 11-15 på Scandic City Hotell. Nominasjonsmøtet består av rundt 100 utsendingar frå alle lokallaga og det er nominasjonsmøtet som gjer endeleg vedtak om lista.

 

 Topp 10 på listen er som følger:

 


1. Arne Bergsvåg Vindafjord1958
2. Hanne Marte Vatnaland Gjesdal 1989
3. Jarle Bø Randaberg 1979
4 Sandra Skarholm Senterungdommen/Vindafjord 1994
5 Alf Henning Heggheim/Sigmund Slettebø Strand/Eigersund 1972/1960
6 Sigmund Slettebø/Alf Henning Heggheim Eigersund/Strand  1960/1972
7 Dagny S. Hausken Rennesøy/Stavanger 1963
8 Berit Søvik Østerhus Hjelmeland 1961
9 Wenche Lindtner  Karmøy 1965

10. Katrine Sægrov Sandnes1974
 

 Hele listen finner dere her: Forslag til fylkestingsliste