Meny
skole-elev-lekser-IMG_0159

Regjeringa har slått bensin på bålet i lærarkrisa

Lisa Marie Ness Klungland 2. kandidat til Stortinget (Sp)

SKULE: For det første har kravet om fire i matematikk for å kome inn på lærarutdanninga ført til mange tomme studieplassar på lærarutdanningane

I åra framover er det grunn til å tru at kravet vil stenge endå fleire motiverte studentar ute frå lærarutdanninga. Senterpartiet meiner at ein lærar underviser like godt i norsk om ho har tre eller fire i matematikk. Vi vil erstatte firerkravet med eit snittkrav.

For det andre har over 30 000 av dagens lærarar blitt «avskilta» med kompetansekrav med tilbakeverkande kraft. Det er venta at ein del av desse anten vil gå ut av læraryrket, eller pensjonere seg tidlegare enn dei elles ville ha gjort.

Ei stor utfordring

Alle elevar fortener ein god og kvalifisert lærar. Mangelen på kvalifiserte lærarar er ein av dei største utfordringane som skulen står ovanfor dei komande åra. Det skuldast både at det vert utdanna for få lærarar og at mange lærarar mister motivasjonen og sluttar i yrket. I grunnskulane i Rogaland er i snitt 14 % av lærarane som underviser ufaglærte. På vidaregåande er andelen ufaglærte 21 %.

Med andre ord, vi risikerer å tape verdifulle lærarressursar. Ironisk nok er det berre om lag halvparten av lærarane som søker om vidareutdanning som faktisk får det. Senterpartiet vil stoppe avskiltinga av lærarar og sørge for nok ressursar til kompetanseutvikling.

For det tredje har kravet om mastergrad for lærarar gjort at det i 2021 ikkje blei uteksaminert lærarar, fordi utdanninga vart forlenga. Dermed skyv ein andelen ferdig utdanna lærarar med eit år. Senterpartiet vil gjera mastergrad som vidareutdanning frivillig, og den bør vere meir praksisnær og relevant.

3000 lærarar finst ikkje

På toppen av det heile kjem innføring av ein lærarnorm som regjeringa ikkje greia ut konsekvensane av. Det einaste vi visste, var at den krev minst 3000 nye lærarar. Dette er lærarar som ikkje finst. Ein kan ikkje vedta seg til fleire lærarar. Vi treng mindre klassar og fleire lærarar inn i klassane. Difor vil Senterpartiet vidareutvikle lærarnorma. Det er viktig å vurdere tiltak for å styrke rekrutteringa av kvalifiserte lærarar i heile landet og ikkje miste kvalifiserte lærarar i dei regionane som treng mest auka lærarkraft. Læraryrket må vere så attraktivt at ein klarer både å auke søkartala til utdanningane, og å hente tilbake utdanna lærarar som jobbar utanfor skulen.

Sist men ikkje minst, vil Senterpartiet krevje at lærarar får tilbake tid og tillit til å gjere det dei aller helst vil; bidra til læring hjå elevane. Det trengst ein ny og tydeleg kurs for skulen og landet, med ny regjering der eit styrka Senterparti er med.

 

Leserinnlegg publisert Stavanger Aftenblad 4.september 2021